Målarkontroll

Vi tilbyr gratis kontroll av målaren din dersom du har mistanke om at han måler feil.

Av erfaring veit vi at målaren går rett i dei aller fleste tilfelle. Før du bestiller målarkontroll kan det vere lurt å sjekke om det er andre årsaker til at forbruket er høgare enn venta:

  • Feil avlesing av målaren på siste eller tidlegare avlesing
  • Manglande avlesing har medført for høg/låg stipulering
  • Feil på elektrisk utstyr eller anlegg (for eksempel defekt termostat på varmvasstank)
  • Feil på eventuell elektrokjel
  • Varmeovnar utan tarmostatstyring og nattsenking
  • Varmeovnar i uisolert rom (garasje, bod osv.)
  • Du har meir tilkopla elektrisk utstyr enn det du kjenner til

Kartlegg forbruket ditt før du bestiller målarkontroll

Meiner du framleis at målaren din måler feil, kan du laste ned skjema for bestilling av målarkontroll frå denne sida. Før du sender inn skjemaet, svarar du på nokre spørsmål og registrerer regelmessige målingar kvar veke i seks veker. Dette for at kontrolløren skal danne seg eit bilde av forbruket ditt.





Utrulling av smart strøm (AMS)

Innan 1. januar 2019 skal alle straumkundar i Noreg få installert nye automatiske straummålarar. I Mørenett sitt område skal 64 000 straummålarar bytast ut i perioden juli 2017 til desember 2018.

Les meir