Avtalar og vilkår

Som nettkunde har du rettar og plikter regulert av RME (Reguleringsmyndigheten for energi) og avtalen du inngår med oss

Når du bestiller nettabonnement frå Mørenett, inngår du ei nettleigeavtale med oss. Saman med våre tilknytingsvilkår og RME sine rammevilkår regulerer dette dine rettar og plikter som nettkunde. I Mørenett brukar vi standard tilknytingsvilkår og nettleigeavtale utarbeida av Energi Norge i samråd med RME. Privat- og næringskundar har ulike avtalevilkår.

Nettleigeavtale og tilknytingsvilkår

Nettleigeavtale regulerer forholdet mellom deg som kunde og brukar av nettenester, og Mørenett som leverandør av nettenester. Tilknytingsvilkår regulerer forholdet mellom eigar av den elektriske installasjonen som er tilknytt kraftnettet, og Mørenett som eigar av kraftnettet.

Flytting

Skal du flytte ut eller inn (bestille eller avslutte abonnement), må du ta kontakt med kraftleverandøren din. Ein kraftleverandør er det selskapet du kjøper straum frå. Er du utan kraftleverandør, kan du enkelt samanlikne tilbod og velge på strompris.no.

Dersom vi ikkje får melding om ny kunde på adressa du flyttar frå, vil vi først kontakte deg for å få informasjon om ny kunde. Dersom vi ikkje får slik informasjon, vert straumen stengt.

Kompensasjon for langvarig straumbrot (USLA)

Er du hushalds- eller fritidskunde, og vert utan straum i meir enn 12 samanhengande timar, har du rett til kompensasjon frå Mørenett. Dersom straumen kjem tilbake i periodar på mindre enn to timar, blir straumbrotet rekna som samanhengande. Utbetalinga skjer automatisk innan 12 veker etter at du fekk straumen tilbake. Jf forskrift om kontroll av nettvirksomhet kap 9A

Øvre tak for samla årleg kompensasjon er venta innbetalt nettleige inneværande år

Kompensasjon per målepunkt Grunnbeløp (kr) Tillegg per time (kr)
Hushald 500 40
Fritidsbustad 125 10

Øvre tak for samla årleg kompensasjon er venta innbetalt nettleige inneværande år

Forrige
Forrige

Leveringsplikt

Neste
Neste

Faktura og betaling