Økonomi og rapportar

Samla driftsinntekter for Mørenett vart 754,2 mill. kr i 2016 (564,5). Resultat før skatt vart 230,7 mill. kr (52,1) og årsresultatet vart 171,9 mill. kr (32,5). I 2016 har Mørenett levert 1 742 GWh (1700,4) til sluttforbrukar gjennom distribusjonsnettet, ei auke på 2,4 % frå året før. Tal frå 2015 i parentes.

I samband med fusjonen fekk Mørenett tilsegn om ei ekstra inntekt (harmoniinntekt) over inntektsramma for 2016. Inntekta utgjer 92 mill. kr, og er ein kompensasjon for at Mørenett i framtida vil få lågare inntektsramme enn Tussa Nett og Tafjord Kraftnett ville fått kvar for seg.

I det tredje driftsåret har fokuset framleis vore på endringsprosessar for å nå dei ulike synergimåla, som var ein del av vedtaksfundamentet for etablering av Mørenett. Mørenett er i rute mot målet om å ha ein kostnadsbase som gjer at vi vert målt som 100 % effektive i løpet av 2018.

I distribusjonsnettet har aktiviteten gjennom året vore høg med ferdigstilling av mange mindre og mellomstore anlegg, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar. Drifts- og vedlikehaldsoppgåver er gjennomført i samsvar med plan. Vi har hatt særskilt fokus på skogrydding, der sterk tilvekst krev stadig større ressursar. Innan ekstern verksemd har aktiviteten vore god, og dei viktigaste forretningsområda her er veglys og fiber.

I 2016 hadde Mørenett 197 fast tilsette og 13 lærlingar.

Utrulling av smart strøm (AMS)

Innan 1. januar 2019 skal alle straumkundar i Noreg få installert nye automatiske straummålarar. I Mørenett sitt område skal 64 000 straummålarar bytast ut i perioden juli 2017 til desember 2018.

Les meir