Byggestraum

Har de behov for eit mellombels straumuttak vert dette ofte omtala som byggestraum.

Byggestraum får ein frå ein anleggskasse som vert sett opp der de har behov for straum i ei avgrensa periode. For å få sett opp ei anleggskasse må det vere råd å kople den til straumnettet i nærleiken.

Leige anleggskasse

Kontakt eit installatørfirma eller andre som leiger ut slikt utstyr for å avtale leige og oppsetting av anleggskasse. Installatør avklarar til- og fråkopling med Mørenett og dei gir informasjon om vilkåra for leige av anleggskasse.

Prisar

Mørenett fakturerer eit gebyr for til- og fråkopling av anleggskassa. I tillegg vert det fakturert nettleige, som for andre ordinære installasjonar, i høve sikringsstorleik og forbruk. Prisoversikt finn de her.

Byggestraum i Stryn

Frå 1.1.2022 slutta vi med å leige ut byggekasser i Stryn. Vi går over til samme modell som i resten av Mørenett. Ta derfor kontakt med installatør for leige av byggekasser også i Stryn. Byggekassene på Møre vil ikkje kunne brukast i Stryn då kommunikasjonsmodulen på straummålaren er forskjellig i Stryn og på Møre.

Forrige
Forrige

Bygge, grave og rive

Neste
Neste

For entreprenørar