Elbillading

Installatøren din har meldeplikt for tilknyting av elbilader med ladestrøm over 16 A der overbelastningsvern er mindre eller lik 80 A.

Det er avgrensa kor mykje effekt som kan knyttast til straumnettet før leveringskvaliteten vert uakseptabel. Installatøren skal melde inn slike anlegg ved å markere for elbillading på installasjonsmeldinga.

Mørenett vurderer eventuelle behov for forsterking av kraftnettet i kvart enkelt tilfelle. Dersom tilknytinga utløyser behov for forsterking av nettet, skal kostnad dekkast av kunde gjennom anleggsbidrag.

 

Etablering av ladestasjonar er regulert av DSB si forskrift om elektriske lavspenningsanlegg (FEL) og normen NEK 400 Lavspenningsinstallasjoner. DSB har i samarbeid med NEK, Norsk elbilforening og NELFO utarbeida ein rettleiar for etablering av ladepunkt for elbilar. 

Frå 01.01.2022 har NVE bestemt at nettselskap skal ta hensyn til effektbehov når dei skal bestemme nettleige-tariffane. Det vil være dyrare å bruke mykje straum på kort tid samanlikna med eit jamnt straumforbruk over tid. Det kan vere lurt å ta omsyn til dette når du skal velge storleik på elbil-ladar. Tilbakemeldingar vi får frå våre kundar viser at ein kan ladde sakte på natta slik at bilen er klar til ny dag kvar morgon. Sjå DSB sine sider om Trygg lading av elbil

Du finn meir informasjon om etablering av ladepunkt for elbilar på DSB sine nettsider.

Trygg lading av bilen hjemme

Du finner mer informasjon på DLE sine sider

Forrige
Forrige

Elsikkerhet

Neste
Neste

Leveringsplikt