Kraftsystemutgreiing

Ordninga med regional kraftsystemutgreiing (KSU) er etablert av NVE. Utgreiingane omfattar produksjon, forbruk og nett, og skal systematisere energiplanlegginga på fylkesnivå.

Rapportane oppdaterast kvart andre år i tråd med forskrift om energiutredninger. Utgreiinga vert utført i samarbeid med alle regionalnettseigarar i fylket saman med Elinett som har ansvar for utgreiinga. Målet med utgreiinga er å vurdere mogleg utvikling av behov for overføringskapasitet, skape ei felles oppfatning av endringar i kraftsystemet og skal utgjere ein del av grunnlaget for konsesjonshandsaming av tiltak i kraftsystemet.

Kraftsystemutgreiinga vert utarbeida i to versjonar. Ein grunnlagsrapport som ikkje er offentleg, og ein hovedrapport som er eit samandrag av grunnlagsrapporten med vekt på informasjon av allmenn interesse.

 

Spørsmål eller innspel til kraftsystemutgreiinga kan rettast til:

 
Forrige
Forrige

For entreprenørar

Neste
Neste

Jordfeil