Skogrydding

Mørenett ryddar skog langs høgspent- og lågspentnettet. Linjerydding må utførast med jamne mellomrom for å hindre straumbrot, og sikre tryggleiken for deg som bur i nærområdet

Når vi planlegg skogrydding rundt kraftlinjene i nærområdet ditt ønskjer vi å utføre dette med minst mogleg ulempe for alle.

 

Slik gjer vi det

Vi har som mål å utføre effektiv skogrydding langs kraftlinjene våre utan vesentleg ulempe for grunneigarar, landbruksdrift og friluftsliv

Vi nyttar for det meste manuell rydding med motorsag i skogryddingsarbeidet. Våre erfarne skogryddarar veit kva skog som må bort, og kva som kan stå. Skogen vert risikovurdert ut frå kva fare den kan utgjere for linja. Tre som er skeive, har råte, står grunt eller er lange og tynne prioriterer vi å ta bort. Seintveksande tre og buskar, som einer, kan i mange tilfelle få stå.

Langs lågspentlinjer vil større tre ofte kunne få stå, sjølv om dei er nær linja. Dei vil i så fall verte kvista, slik at det ikkje blir gnag på straumlinja. Slik unngår vi også at nokon kan klatre i treet, og kome i kontakt med linja. Meir informasjon finn du i brosjyren vår om skogrydding.

Linjerydding må utførast med jamne mellomrom for å hindre straumbrot og for å ivareta tryggleiken til dei som er i nærleiken av linja

Førebyggande tiltak

Vi behandlar trestubbane med plantevernmiddel for å unngå at det veks opp nytt kratt. Det vert ikkje gjort stubbebehandling i hagar, tettbygde strøk og der det går husdyr. Dersom du ønskjer å reservere deg mot stubbebehandling på eigedomen din, er det høve til det om du tek kontakt med oss. Du hjelper oss med å halde kraftlinjene fri for skog og kratt om du unngår å plante buskar, tre eller høge hekkar i området under kraftlinjene.

Kva skjer med trevirket

Mørenett eig ikkje skogen, men vi har normalt rett og plikt til å halde vegetasjonen unna straumførande linjer. Trevirket tilhøyrer grunneigaren og blir lagt att på eigedommen. I aktivt brukte beite, ved innmark, stiar, vegar og i/inntil hagar vert kvisten rydda i haugar. Alle andre stader vil kvisten liggje naturleg spreidd, då dette gjev den raskaste naturlege nedbrytinga.

 

Om skogrydding

Skogrydding - eksempel på tiltak

Ved skogrydding blir tre og busker langs kraftlinja felt eller kvista

Det kan gå 5 - 10 år mellom kvar skogrydding. Dette er avhengig av type linje og kor raskt vegetasjonen i området veks. Det er berre straumlinjer som vert rydda for skog. Mørenett har ikkje ansvar for å rydde langs telefon- eller fiberlinjer. 

Kor breidt vi må rydde er avhengig av kor sterk spenning det er på linja:

  • Høgspent 66 og 132 kV: 18 - 30 meter samla breidde

  • Høgspent 11 og 22 kV: normalt 6 meter til kvar side for linja

  • Lågspent 230 - 1000 V: normalt 1,5 meter til kvar side for linja

Felling av tre som står nær høgspentlinjer bør gjerast av røynde folk med eigna sikringsutstyr. Dersom du treng hjelp til felling, ber vi om at du tek kontakt med oss i god tid. Send gjerne bilde.

Varsel

Ved skogrydding langs høgspentlinjer vert grunneigarane normalt varsla med brev eller telefon.

Lågspentlinjene er dei kraftlinjene som fører straumen inn til kvart enkelt hus. Frå og med 2014 driv Mørenett ei systematisk rydding langs alle lågspentlinjene vi har. I løpet av fem år vert alle linjene rydda for skog som kan piske eller gnage på ledningane. Ved rydding av lågspentlinjer vert abonnentar varsla med sms eller direkte kontakt. Før rydding i private hagar vil vi, så godt det let seg gjere, ta direkte kontakt med deg på staden. Viss du ikkje er til stades kan mindre arbeid starte.

Forrige
Forrige

AMS målar

Neste
Neste

Arbeid nær høyspentlinjer