Elbillading

Installatøren din har meldeplikt for tilknyting av større anlegg enn 16 A.

Det er avgrensa kor mykje effekt som kan knyttast til straumnettet før leveringskvaliteten vert uakseptabel. Difor er det meldeplikt på utstyr med forbruk større enn 16 A. Installatøren skal melde inn slike anlegg ved å markere for elbillading på installasjonsmeldinga etter installasjon av anlegget. Mørenett vurderer eventuelle behov for forsterking av kraftnettet i kvart enkelt tilfelle. Dersom tilknytinga utløyser behov for forsterking av nettet, skal kostnad dekkast av kunde gjennom anleggsbidrag. 

Etablering av ladestasjonar er regulert av DSB si forskrift om elektriske lavspenningsanlegg (FEL) og normen NEK 400 Lavspenningsinstallasjoner. DSB har i samarbeid med NEK, Norsk elbilforening og NELFO utarbeida ein rettleiar for etablering av ladepunkt for elbilar. Den kan du laste ned frå denne sida.

NVE varslar ei omlegging av nettleige-tariffane slik at det vert dyrare å bruke mykje straum på kort tid samanlikna med eit jamnt straumforbruk over tid (effekttariff). Det kan vere lurt å ta omsyn til dette når du skal velge storleik på elbil-ladar.

Du finn meir informasjon om etablering av ladepunkt for elbilar på DSB sine nettsider.