Målaravlesing

Har du fått ny smartmålar (AMS), skal du ikkje lenger lese av målaren din. Vi har kommunikasjon med han, og hentar målarstanden sjølv. Du får tilsendt forbruksdata kvar time, uansett om du er heime eller bortreist.

Har du enno ikkje fått deg AMS-målar, må du passe på å lese av regelmessig. Utover dei faste avlesingsperiodane, kan du lese av målaren din så ofte du vil og når du vil. Les du av målaren kvar månad eller minst 6 gonger i året, veit du at faktura er basert på det faktiske forbruket ditt.