Målarkontroll

Av erfaring veit vi at målaren går rett i aller fleste tilfelle. Alle nye målarar er fabrikktesta før montering. Er du likevel i tvil, utfører vi kontroll av målaren din mot eit gebyr på kr. 2 500 inkl. mva.

Før du bestiller målarkontroll, kan det vere lurt å sjekke om det er andre årsaker til at forbruket et høgare enn venta:

  • Feil på elektrisk utstyr eller anlegg (for eksempel defekt termostat på varmvasstank)
  • Feil på eventuell elektrokjel
  • Varmeovnar utan termostatstyring og nattsenking
  • Varmeovnar i uisolert rom (garasje, bod osv.)
  • Du har meir tilkopla elektrisk utstyr enn det du kjenner til
  • Har du ikkje skifta til AMS-målar, kan manglande/feil avlesing medføre for høg/låg stipulering

Kartlegg forbruket ditt før du bestiller målarkontroll

Meiner du framleis at målaren din måler feil, kan du laste ned skjema for bestilling av målarkontroll frå denne sida. Svar på spørsmåla i skjemaet, og registrer regelmessige målingar kvar veke i fire veker for å danne deg eit bilde av forbruket ditt. Har du ny målar med kommunikasjon (AMS-målar), kan du be om å få tilsendt kontrolldokumentasjon frå fabrikktest.

Gebyr på målarkontroll

Gebyret skal dekke reisetid, dokumentasjon og kontroll med bærbart kontrollinstrument. Ønsker du at målar skal kontrollerast av eksternt laboratorium, dekker gebyret frakt og montasje av målar i tillegg til kontroll i laboratorium. Dersom kontrollen viser at det er feil på målar, skal du ikkje betale gebyr.

Gebyr på målarkontroll
Målarkontroll hos kundekr 2 500 inkl. mva
Målarkontroll i laboratoriumkr 3 750 inkl. mva