Avtalar og vilkår

Som nettkunde har du rettar og plikter regulert av NVE og avtalen du inngår med oss

Når du bestiller nettabonnement frå Mørenett, inngår du ei nettleigeavtale med oss. Saman med våre tilknytingsvilkår og NVE sine rammevilkår regulerer dette dine rettar og plikter som nettkunde. I Mørenett brukar vi standard tilknytingsvilkår og nettleigeavtale utarbeida av Energi Norge i samråd med Forbrukarombodet. Ulike avtalar og vilkår gjeld for privat- og næringskundar.

Nettleigeavtale og tilknytingsvilkår

Nettleigeavtale regulerer forholdet mellom kunden som brukar av nettenester, og Mørenett som leverandør av nettenester. Tilknytingsvilkår regulerer forholdet mellom eigar av den elektriske installasjonen som er tilknytt kraftnettet, og Mørenett som eigar av kraftnettet.

Kompensasjon for langvarig straumbrot

Vert du utan straum i meir enn 12 samanhengande timar, har du rett til kompensasjon frå nettselskapet ditt. Sjå nettleigeavtale privatkundar § 12-4. Dersom straumen kjem tilbake i periodar på mindre enn to timar, blir straumbrotet rekna som samanhengande. Utbetalinga skjer automatisk på den første faktura etter hendinga som førte til straumstansen.

Kompensasjon for langvarig straumbrot
Varigheit Kompensasjon (kr)
Over 12 til og med 24 timar 600
Over 24 til og med 48 timar 400 1
Over 48 til og med 72 timar 700 2
over 72 timar* 300 1

* Tillegg for kvar påbegynte 24-timarperiode straumbrotet varar etter 72 timar