Auke i nettleiga frå 1.juli

Illustrasjon viser montør i arbeid for å bygge nytt nett

Linja aukar nettleiga grunna høgare rente og den generelle prisveksten i samfunnet, kombinert med eit større investeringsbehov. For ein «gjennomsnittskunde» med eit straumforbruk på 20 000 kWh i året vil auken vere på 46 kr per månad.

Myndigheitene, ved RME (Reguleringsmyndigheten for energi), avgjer kor mykje nettselskapa kan ta i inntekter for å dekke kostnadane ved bygging, drift og utvikling av nettet. Desse kostnadane er eit spleiselag blant alle kundane som er tilkopla nettet.

Faktorar som straumpris, rentenivå og prisvekst generelt i samfunnet vil som regel påverke nettleiga. Det same vil omfanget av investeringar som må gjerast for å bygge nytt straumnett eller oppgradere det eksisterande.

Investeringar i straumnettet er avgjerande for å oppnå ei grøn omstilling, med verdien dette har for både notida og komande generasjonar. Investeringane legg også til rette for vekst og utvikling i næringslivet og lokalsamfunna.

Under er døme på korleis dette påverkar tre typar bustadkundar.

Kundar i tidlegare Mørenett:

  • Leilegheit med årsforbruk 14 000 kWh: Snitt auke på kr 35,- per mnd

  • Einebustad med årsforbruk 20 000 kWh: Snitt auke på kr 46,- per mnd

  • Einebustad med årsforbruk 25 000 kWh: Snitt auke på kr 59,- per mnd

Relevante lenker

Forrige
Forrige

Tilkopling for næring

Neste
Neste

Toppbefaring 2023, uke 18