Mørenett utset innføring av ny nettleigemodell

Mørenett følgjer den politiske oppmodinga om å utsetje innføringa av ny nettleigemodell.

- Frå nyttår held vi fram med same nettleigemodellen som vi har i dag, stadfestar adm. direktør Rune Kiperberg.

 

Fredag 17. desember vart regjeringa saman med SV samde om innhaldet i straumpakken med avbøtande tiltak mot dei høge straumprisane. Staten tek ein del av rekninga for høge straumprisar. Samstundes blir den nye nettleigemodellen utsett på ubestemt tid. Fleire politiske parti er kritiske til å innføre den nye nettleigemodellen no når straumprisen er så høg.

Den raske elektrifiseringa av samfunnet fører til auka belasting på kraftnettet. Ny nettleigemodell skal motivere til å flate ut forbruket gjennom døgnet, slik at den ledige kapasiteten i kraftnettet blir betre utnytta.

- Vi er trygge på at modellen vi har utarbeida er både god og viktig. Ved å flytte effekt unngår vi å byggje meir nett enn naudsynt.
Dette kjem kundane til gode ved å gi lågast mogleg nettleige på sikt, seier Rune Kiperberg.

 
 

Mørenett følgjer opp

I sommar vedtok Stortinget rammeverket for ny nettleigemodell med oppstart 1. januar 2022. Mørenett har saman med bransjen brukt hausten til å bu seg på å innføre ny modell frå nyttår. No utset regjeringa gjennomføringa av forskriftslovendringa, og Mørenett legg ny nettleigemodell på vent.

- Tidspunktet for retrett og den politiske vinglinga er utfordrande for oss, men det handlar om å ta dei politiske signala på alvor, slår Rune Kiperberg fast.

 

Meir informasjon

Rune Kiperberg, adm. direktør i Mørenett, tlf. 91 18 57 86

Forrige
Forrige

Gyda status

Neste
Neste

Utsettes ny nettleiemodell?