Mørenett innfører ny nettleigemodell frå 1. juli

Ny nettleigemodell for Mørenett sine kundar

Regjeringa har høyrt på nettselskap og organisasjonar og bestemt korleis den nye nettleigemodellen skal verte.

Mørenett har saman med Elvia, Agder Nett, Glitre, BKK, Lnett, Tensio, Lede og Arva delteke i samarbeidsgruppa for ny nettleigemodell og bidratt med analyser og synspunkt til den nye bransjestandarden. Vi har teke med oss innspel vi fekk då modellen skulle innførast før jul i fjor. Mørenett vil i hovudsak følge denne standarden. Vi jobbar no med modellen og prisar. Dette skal formelt avgjerast av styret i Mørenett den 2. juni. Etter dette vil kundane våre verte varsla om endringa.

Les meir på regjeringa sine sider her

Du kan også finne mykje god informasjon på nynettleie.no

Forrige
Forrige

Linje- og toppbefaring 2022, uke 20-22

Neste
Neste

Endringar i elavgifta