Mørenett kjøper Statnett sitt 132 kV i Møre og Romsdal

Ei tydeleg føring gjennom salsprosessen har vore at nettet skal seljast samla til ein kjøpar i fylket. Intensjonsavtalen mellom Mørenett og Statnett vart inngått 14. oktober 2019, og i dag er endeleg kontrakt signert mellom partane.

Dato: 26.11.2020

Grunngjevinga for salet er at ei samla forvaltning av nettet best ivaretek tariffkonsekvensar, drift, vedlikehald og beredskap. Salet medfører ei vesentleg overføring av eigarskap frå statleg til regionalt nivå, og legg til rette for nye kompetansearbeidsplassar i fylket.

Lågare nettleige

Kva konsekvensar salet vil ha for nettleigetariffane har vore løfta fram som ei problemstilling frå fleire. Mørenett sine berekningar, utført av nøytral tredjepart, viser at utgangspunktet vil vere rimeleg nøytral kostnadsfordeling mellom områda sør og nord i fylket, uavhengig av kven som kjøper nettet. I løpet av ein femårsperiode skal det investerast fleire hundre millionar kroner i dette nettet. Med Mørenett som kjøpar vil det vere eit større nett som ber desse kostnadene, enn om det er NRR som kjøper.

- Berekningane våre viser at på sikt vert det gunstigare for kundane på Nordmøre med Mørenett som kjøpar. Med høge nettleigetariffar nord i fylket burde dette være viktig. Mørenett har allereie den lågaste nettleiga i fylket, seier Rune Kiperberg, adm. direktør i Mørenett.

Framtidsretta næringsutvikling

Samfunnet vårt står føre store utfordringar med tanke på avkarbonisering og det grøne skiftet. Elektrifisering er eit av verkemidla for å nå berekraftmål, og Møre og Romsdal er på god veg mot å verte meir elektrifisert. Eit robust og kostnadseffektivt kraftnett er ein av berebjelkane for å lukkast. Samstundes gir desse utfordringane også store moglegheiter, og denne transaksjonen vil styrke fylket vårt si evne til å legge til rette for ei framtidsretta næringsutvikling.

Ønskjer å samle nettselskapa i fylket

Ei elektrisk framtid krev kompetente netteigarar. Mørenett er det største nettselskapet i fylket med det største nettmiljøet mellom Bergen og Trondheim, og med den einaste døgnbemanna driftssentralen i fylket.

Mørenett er samd med fylkeskommunen i at ei samling av kraftnettet i fylket, i eit nøytralt, kompetent og effektivt nettselskap, vil vere eit viktig grep for å understøtte vidare næringsutvikling i vår region. Tidsrommet mellom signering av intensjonsavtale og endeleg avtale mellom Statnett og Mørenett har vore nytta til sonderingar rundt viljen til ei slik konsolidering. Diverre må vi konkludere med at tida no ikkje er moden for ei slik utvikling.

Frå Mørenett sin ståstad ønskjer vi å arbeide vidare med ei slik samling, der omsynet til nettkunden og næringslivet vert sett i høgsetet. Mørenett ønskjer at denne transaksjonen skal medverke til å nå dette målet, og vi kjem difor med følgjande erklæring til dei andre nettselskapa i fylket:

  1. Mørenett erklærer at vi vil jobbe aktivt saman med dei andre nettselskapa i fylket for å greie ut grunnlaget for eit samla nettselskap i Møre og Romsdal. Målet bør være eit nettselskap basert på ein fusjonsmodell med desentral organisering og eigarstruktur innan regionen. Det er ein føresetnad at eit slikt nettselskap vert eit nøytralt reindyrka nettselskap i samsvar med regelverket rundt funksjonelt skilje

  2. Mørenett erklærer at vi vil dele verdien av Statnett-anlegga som er under omklassifisering med dei andre selskapa som deltek i eit større nettselskap innanfor ein horisont på 12 månader

Meir informasjon:

  • Runde Kiperberg, adm.direktør i Mørenett, tlf. 911 85 786

  • Eirik Espeset, styreleiar i Mørenett, tlf. 905 20 033

Forrige
Forrige

Årsrapport 2020