Nettleiga aukar frå årsskiftet

RME har varsla auka inntektsramme for nettselskapa neste år.  Nettleiga for eit gjennomsnittshushald i Mørenett aukar med 90 kr/månad frå årsskiftet.

Nettselskapa er naturleg monopol og inntektene er regulert av Reguleringsmyndigheten for energi (RME). RME fastset årleg tillaten inntekt gjennom inntektsramma basert på ein modell som bidreg til effektiv drift, utvikling og utnytting av straumnettet. Tillaten inntekt avgjer kor høg nettleige nettselskapa kan krevje frå kundane sine.

“Dette er den største oppgangen i varslet inntektsramme vi nok har gjort noensinne”, seier Hilde Marit Kvile i RME i eit intervju til Europower.  «…økningen skyldes i hovedsak høye kraftpriser, økte renter og økt inflasjon, i tillegg til økte investeringer», skriv RME i ei pressemelding.

I Mørenett aukar nettleiga frå det lågaste nivået vi har hatt.

“Vi sette ned nettleiga betydeleg frå 1. april i år etter at Statnett reduserte overføringskostnadane frå same dato. Vi har også tilbakeført meirinntekt frå tidlegare år ", seier Rune Kiperberg adm.dir i Mørenett.

Meirinntekt oppstår når nettleigeinntekta blir større enn inntektsramma gjev rom for. I ei tid med låge kraftprisar i 2020 opparbeidde vi meirinntekt som vi har tilbakeført til kundane gjennom redusert nettleige i 2022.

Den nye nettleigemodellen, som vart innført frå juli 2022, gjer det mogleg for kvar einskild å påverke nettleigekostnaden ved å fordele forbruket ut over døgnet. Unngå bruk av mange hushaldningsapparat på same tid, og har du elbil rår vi til å lade denne sakte og trygt om natta.

Informasjon om nettleigeprisane

Informasjon frå RME varsler inntektsrammer for 2023

 

Sjå i menyen under for meir informasjon

  • Ein gjennomsnittskunde har eit årsforbruk på 20 000 kWh. Han brukar 66 % av forbruket sitt på dagtid og 34 % på natt. Han ligg på trinn 2 om sommaren (6 månadar) trinn 3 om vinteren (6 månadar).

  • Ein gjennomsnittskunde skal betale 926 kr per månad i nettleige, eller ca. 56 øre/kWh inkl. alle avgifter. Nesten halvparten av dette (438 kr) er avgifter til staten inkl mva. Resten skal dekke kapitalkostnadar, drift og vedlikehaldskostnadar i kraftnettet.

  • Ein gjennomsnittskunde får ein kostnadsauke på 90 kr/månad eller 5 øre/kWh medrekna alle statlege avgifter. Det er ei auke på ca 11 %.

  • Samfunnet vårt er inne i ei tid med høg inflasjon, renteauke og historisk høge straumprisar. Desse faktorane ligg til grunn når myndigheitene fastset kor mykje nettleige nettselskapa kan krevje frå kundane sine. Våre nettleigeprisar blir tilpassa denne ramma, som for neste år vert auka. Dersom vi hadde satt nettleigeprisane lågare enn det ramma gjev rom for, pliktar vi i tråd med regelverket likevel å hente inn dette ved seinare prissetting.

  • Kvart år får Mørenett tildelt ei ramme frå myndigheitene for kor mykje nettleige vi kan krevje frå kundane våre. Denne ramma er styrt av ulike parametrar, som no bidreg til ei så høg ramme at vi må justere opp nettleigeprisane våre etter dette. Overskot til eigarane våre er eit resultat av at Mørenett er meir effektive enn andre nettselskap myndigheitene samanliknar oss med.

  • Frå 1. april i år sette vi ned nettleiga til lågaste nivå vi har hatt nokon gong. Det var eit midlertidig prisnivå tilpassa føresetnadane vi hadde då. No justerar vi prisnivået tilbake til om lag same nivå vi hadde før vi sette ned nettleigeprisen.

  • Når straum vert transportert gjennom linjer og kablar til forbrukar, forsvinn omlag 10% som "Nettap". Nettap er energitap i straumnettet som oppstår ved transport av straum. Elektrisk straum møter motstand i linjer, kablar og transformatorar, og energien går over til varme og forsvinner på vegen. Om vinteren kan vi sjå snø og is smelte frå kraftlinjer, når belastninga er høg.

    Dette nettapet må Mørenett kjøpe inn i same marknad som kraftleverandøren din kjøper straum til ditt forbruk. Høge marknadsprisar på straum aukar kostnad til å dekke dette tapet, og kostnad vert inkludert i nettleiga

Bilde av skog.
Forrige
Forrige

Linja og Mørenett blir eitt selskap

Neste
Neste

Mørenett arrangerer elsikkerhetsdag