Ordninga med meir- og mindreinntekt sikrar stabil nettleige

Media fokuserer på nettselskap si gjeld til kundane gjennom meirinntekt. Ordninga med meir- og mindreinntekt har til hensikt å sikre kundane våre stabil nettleige over tid.

Nettleiga skal dekke drift og bygging av kraftnettet. Reguleringsmyndigheita bestemmer kor mykje nettselskapet har lov til å hente inn gjennom nettleiga. Det er mange faktorar som spelar inn gjennom året om ramme og inntekter går i balanse. Ustabile straumprisar er ein faktor som kan gjere dette meir utfordrande i framtida.

For mykje inntekt skal tilbakeførast kundane gjennom prisregulering. Like eins skal for lite inntekt krevjast inn.

“Våre prognoser viser at Mørenett per utgangen av 2021 ikkje har gjeld til kundane”, seier adm. dir. Rune Kiperberg i ein kommentar.

Oppdatert 25.01.22: Sunnmørsposten har publisert ein artikkel

Dersom du ikkje har tilgang kan PDF lastast ned her

Forrige
Forrige

Hva gjør nettselskapet når ekstremværet kommer?

Neste
Neste

Nytt ekstremvær