“STRØMSTØTTE” - Kompensasjonsordning for høge straumprisar

Straumstøtteordninga (strømstøtte) fører med seg at hushaldskundar kan få delar av eigen kostnad til straum dekka gjennom reduksjon på nettleigefaktura.

Ordninga starta 1.12.21, og vil vare så lenge regjeringa bestemmer. Mørenett sitt nettområde ligg i prisområde NO3. Kundar som kjem inn under ordninga vil automatisk få kompensasjon på nettleiefaktura.

Fra 1. september 2023 vart straumstøtta rekna time for time

Straumstøtta vert avrekna saman med nettleiga og viser på faktura som «midlertidig strømstønad». Støttesatsen er frå 1.9.2023, 90% av prisskilnaden mellom 70 øre/kWh og timepris utan MVA på kraftbørsen Nordpool. Fra og med 1. januar 2024 er 70 øre/kWh endra til 73 øre/kWh. Vi har no fått ein fin kalkulator på Di Side, som viser forbruket ditt, spotpris og utrekna straumstøtte, dag for dag, eller time for time. Prøv den gjerne.

Betaler du nettleie via kraftleverandør på “Gjennomfakturering”, vil kompensasjonen gå til frådrag på faktura frå dei.

Meir informasjon finn du her: Kompensasjonsordning for høye strømpriser - NVE

Sjå i menyen under for meir informasjon og kontaktskjema:

  • Vi har no ein oversiktleg kalkulator på Di Side, som viser både forbruket ditt, spotpris og utrekna straumstøtte, dag for dag, eller time for time.

  • Nettkundar med eigen straummålar har rett til straumstøtte når dei er rettmessig registrert som hushaldningskundar og forbruket i hovudsak går til hushaldningsformål. Dette gjelder også for næringskundar.

    Oppdatert 08.02.23: Olje- og energidepartementet har fastsatt endringer i midlertidig forskrift om strømstønad. Forskriften inkluderer nå de som bor fast i fritidsbolig i strømstønadsordningen for husholdninger. Les her

    Husholdningar tilknyttet gards- og grendeverk er nå inkludert i ordningen

    20. juni 2023 vedtok Olje- og energidepartementet ei forskrift som inkluderar hushaldskundar tilknytt gards- og grendeverk i strømstøtteordningen.

    Endringa medfører at nettselskapa betaler ut straumstøtte for forbruket i tilknytningspunktet mellom nettselskap og gards- og grendeverket. Nettkunden i tilknytningspunktet må fordele støtta på hushaldskundane tilknytt gards- og grendeverket. For at nettselskapet skal kunne utbetale støtta må nettkunden i tilknytningspunktet rapportere opplysningar til nettselskapet om gards- og grendeverket og tilknytt husholdningar. Her finn du spørsmål og svar om gards- og grendaverk

  • Hushaldskundar: Nei, kompensasjon vert automatisk trekt frå nettleigefakturaen så lenge du er registrert som hushaldskunde hos oss med forbrukskode 35 - Hushald.

    Burettslag skal være registrert med næringskode 68.201, for at det skal gå automatisk

    Du kan finne informasjon om kva næringskode eller forbrukskode vi har registrert på deg på Di side under Min produktoversikt.

    Eigarar av gards- og grendaverk må ta kontakt med oss for å få etablert ordninga

  • Du kan sjekke forbrukskode på seeiendom.kartverket.no. Søk opp adressa di. Under bygningar og næringsgruppe vil du finne kva ditt bygg er registrert som.

    Forbrukskode 35 og næringskode 68.201 er berettiga straumkompensasjon.

    For å sjekke kva opplysningar vi har registrert om deg, kan du logge inn på Di side.

    Du finn di eiga forbrukskode eller næringskode (gjeld boligselskap) på Di Side, under «Min produktoversikt» i meny nedst på sida.

    Meinar du at forbrukskoda eller næringskoda er feil, kan du kontakte oss <her>

  • Dersom det vert straumpris i vårt område over grensa satt av Regjeringa, vert dette kompensert på første faktura etter månedsskiftet.

    Kompensasjon vert avrekna på nettleigefaktura når rett forbruk, straumprisen og støttesats er klar. Støtta vert rekna ut time for time, og presentert på Di Side

  • Klager på ordninga rettast til Reguleringsmyndigheten for energi (RME).
    Kontaktinformasjon til RME

  • Informasjon om dette finn du på NVE sine spørsmål og svar sider

    Burettslag får kompensasjon for heile forbruket i fellesmålte anlegg, men har rett til støtte for inntil 5000 kWh per bueining, forbruk i bueiningane sine eigne målarar kjem i tillegg. Forbruk som går til andre formål enn hushaldningsforbruk i bustadsameiget gir ikkje rett til støtte. Burettslaget må rapportere til nettselskapet dersom samla hushaldsforbruk er høgare enn 5000 kWh per bueining per månad samt oppgi volum av anna forbruk som ikkje gir støtterett.

    Rapportering til nettselskapet skal skje utan ugrunna opphald. RME kan krevje tilgang til relevant informasjon for å kunne vurdere retten til støtte. Les meir om tildeling av støtte til bustadselskap

  • Du kan lese om stønad til jordbruksforetak på sidene til Landbruksdirektoratet

  • På forsida av nettleigefaktura er utbetalingsdato og -kontonummer oppgitt. Utbetalingsdatoen tilsvarar forfallsdato på faktura. Ved manglande eller feil kontonummer må vi få skriftleg tilbakemelding, frå di gjeldande e-postadresse, med rett kontonummer. På baksida av faktura viser detaljane for avrekninga; periode, volum og prisar. På e-Faktura med tilgodebeløp viser kr 0 å betale. For å få oversikt over straumstøtte til utbetaling må du opne fakturavisninga i nettbanken (ofte heiter valget i nettbanken «Detaljer»). Betaler du nettleige via kraftleverandør går kompensasjonen til frådrag på faktura frå dei. Du finn detaljar om avrekninga på Di side.

  • Når støtta er høgare enn sum kostnad på faktura, vert det minusbeløp og E-faktura i nettbanken vil vises med “0 kr”. Du treng ikkje gjere noko.

    Du vil automatisk få utbetalt pengar frå oss, som du kan nytte til å betale rekninga di frå kraftleverandør

  • 20. juni 2023 vedtok Olje- og energidepartementet en forskrift som inkluderer husholdningar tilknytt gard- og grendaverk i strømstøtteordningen. Endringa medfører at nettselskapet betalar ut strømstøtte for forbruket i tilknytningspunktet mellom nettselskapet og gards- og grendeverket. Nettkunden i tilknytningspunktet må fordele støtta til hushaldskundane tilknytt gards- og grendeverket. For at nettselskapet skal kunne betale ut stønaden må nettkunden i tilknytningspunktet rapportere opplysningar til nettselskapet om gards- og grendeverket og tilknytta hushaldningar.

    Eit gards- og grendeverk er et nettanlegg som leverer kraft fra lokal produksjon til uttakskundar med samla hovedsikringskapasitet mindre enn 200 A ved tre fasar og 230 V.

    Samla hovedsikringskapasitet er sum av alle sikringene på forbrukspunkt tilknytt gårds- og grendeverket. Er det som eksempel 5 bueiningar tilknytt, skal sum av hovedsikringene i bueiningane ikke overstiger 200 A ved tre fasar og 230 V.

    Dersom summen av alle hovedsikringene overstiger 200 A, vil ikke dette reknast som iet gards- og grendeverk, og det må søkes om omsetningskonsesjon.

    Netteiere med omsetningskonsesjon er å rekne som nettselskap.

    Alle nettselskap har en plikt til å utbetale stønad til sine hushaldningskunder og sende samla faktura til Reguleringsmyndigheten for energi (RME). Dersom straumnetteigar manglar omsetningskonsesjon for å drive nett-verksemda må dei ta kontakt med RME.

    For å få straumstøtte til forbrukskundar i gards- og grendanett må du søke på eige søknadsskjema til oss.

    Her finn du svar på vanlege spørsmål om straumstøtte til gårds- og grendeverk

Forrige
Forrige

Nettleiga aukar

Neste
Neste

Linja arrangerer elsikkerhetsdag