Bærekraft

Mørenett er eit av dei større nettselskapa i Norge. I tillegg til å sørge for at 73.000 kundar på Nordvestlandet og i Nordfjord har straum i kontakta, er vårt samfunnsansvar å legge til rette for ei meir bærekraftig framtid.

 

Med større krav til klima og bærekraftig energibruk, er straumnettet som blodårer å rekne!

Mørenett har 7.280 km straumledninger i luft og bakke. Dette tilsvarar 135 gongar veglengda mellom Ålesund og Oslo.

 

Vårt overordna mål

Framoverlent tilretteleggjar for ei grønare framtid

Våre viktigste bidrag til et meir bærekraftig og straumavhengig samfunn

  • Utvikling og drift av nettet skal bidra til sikker leveranse av grøn elektrisk energi.

  • Kostnadseffektiv og sikker drift.

  • Vi skal være der kunden er, og sørge for å bygge ut og levere rein energi til nye behov, på ein kundevennlig måte.

 
 

Slik arbeider vi med bærekraft i Mørenett

Vi arbeider mot fleire av FN sine bærekraftmål. Størst aktivitet og flest initiativ har vi mot bærekraftmåla:

Men gjennom vårt utstrakte virke, arbeider vi også aktivt mot andre mål:                     

 

Eksempler på konkret pågående aktivitet for å arbeide mot måla:

  • Ny nettleigemodell frå juli 2022 skal bidra til jamnare bruk av nettet. Dette vil gi reduserte investeringar, lågare materialbruk og lågare nettleigepris over tid. I tillegg bidrar jamnare bruk av nettet til raskare å kunne knytte til nye kundar.

  • Vi har containerløysingar med sortering, materialgjenvinning og retur av materiell:

    • Tomme kabeltromlar

    • Kobber

    • Aluminium

    • Kablar med plastisolasjon

    • Kablar med papir/olje isolasjon

    • Kreosotstolpar

    • EE-avfall

    • Dataskjermar/datautstyr

    • Batteri

    • Lysstoffrør/lampar

    • Malingsrester

    • Jern metall

    • Trafoar

    • Brytarar og koplingsanlegg

    • Retur for anlegg med SF6 – til godkjente mottak

    • Trevirke

    • Papp og papir

    • Plast og PVC

    • Spillolje

    • Restavfall

    • Utstyr som vurderes til å ha restlevetid monterast på nytt.

  • Mørenett er ein stor innkjøpar av materiell, tenester og utstyr. Vi kjøper årleg for fleire hundre million kroner. I innkjøpssamarbeid med andre nettselskap arbeider vi for å innføre bærekraft i innkjøp. Kva bærekraftsområde skal vi fokusere på, og korleis skal vi utforme nye innkjøpskrav? Våre val kan påvirke kostnad, og vi arbeider med prinsipp ilag med andre i vår bransje her.

  • Mørenett er med på forskningsprosjekt for å finne gode alternativ til kreosotimpregnerte stolpar. På kortere sikt bruker vi kompositt- og saltimpregnerte stolpar som alternativ til kreosot der dette er mogleg.

  • Gassen SF6 brukes som isolasjonsmedium i svært mange elektriske anlegg. Gassen er svært klimafiendtlig ved utslepp til miljøet. Difor har alle våre anlegg med denne gassen overvåking mot utslepp. Anlegg med lekkasje (svært sjelden) blir byttet ut.

    På lengre sikt arbeider for å erstatte gassen med klimavennlig alternativ i alle nye anlegg.

  • Vi har utstrakt behov for transport ved ulike typar køyrety. Ved fornyingsbehov vurderes vi elbil som alternativ til fossilt brensel. Andel elbilar i selskapet skal auke.

Forrige
Forrige

Aktuelle nyheter

Neste
Neste

Jobb og karriere