Helse, miljø og sikkerheit

Helse, miljø og sikkerheit er viktig for Mørenett – sikkerheit kjem alltid først

Mørenett skal vere ein sikker og trygg arbeidsplass der vi legg stor vekt på førebyggande HMS-arbeid. Vi arbeider med krevjande oppgåver. Skal vi nå målet vårt om null alvorlege skadar, er gode HMS-rutinar særs viktig. Vi følgjer gjeldande lov og regelverk, og tek ansvar for at dei som ferdast i nærleiken av dei elektriske anlegga og installasjonane våre, kan gjere det på ein sikker måte. Vi gjennomfører systematisk opplæring knytt til elsikkerheit og førstehjelp, og har årlege HMS-dagar.

Mørenett sin aktivitet skal ikkje vere til ulempe for miljøet og samfunnet. Relevante ulemper og miljøpåverknader blir alltid vurderte opp mot nytteverdier i planlagde prosjekt. Vi legg vekt på å dempe negative miljøverknader ved å legge kraftlinjer slik at den visuelle effekta blir minst mogleg skjemmande. Vi fokuserer også på bruk av miljøvennlege produkt.