Bli lærling i Mørenett

I august kvart år tek vi inn lærlingar i energimontørfag.

Som lærling i energimontørfaget er du med på å sikre at kundane våre i 12 kommunar på Sunnmøre og Nordfjord har straum.

I Mørenett får du opplæring av høg standard og mange utfordringar i læretida. Når læretida er over vil du ha gode praktiske og teoretiske kunnskapar innanfor faget ditt. Lærlingane våre er viktige for oss, og moglegheitene for jobb etter læretida er relativt gode.

Vil du vite meir om lærlingordninga i Mørenett kan du ta kontakt på telefon 70 05 01 00 eller sende e-post til post@morenett.no.