Energimontør

Vi har ledig fast stilling på heiltid som energimontør med oppmøtestad Ålesund.

Vil du bidra til den grøne omstillinga av regionen vår? Mørenett er nettselskapet for 67000 kundar i 14 kommunar på Sunnmøre. Selskapet består av 147 dedikerte medarbeidarar. Mørenett sitt oppdrag er å bygge, utvikle og drifte ein effektiv elektrifisering av regionen vår. Dette er eit viktig samfunnsoppdrag. I tillegg til å sikre eit meir og meir straumavhengig samfunn stabil og sikker straum, er vi ein sentral kraft i det grøne skiftet.

Vi styrkar no linjemiljøet vårt i Ålesund, og søker etter energimontør:

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver knytt til dagleg drift, inspeksjonar, vedlikehald, fornying og kapasitetsauke av linjenettet i Mørenett sitt regional- og distribusjonsnett
  • Deltaking i Mørenett sin beredskap  

Kompetanse

  • Fagbrev som energimontør, og erfaring frå bygging, drift og vedlikehald innan låg- og høgspent linjeanlegg
  • Førarkort klasse B er eit krav, det er ønskeleg med BE
  • Det er viktig at søkar er fortruleg med bruk av digitale verktøy
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi kan tilby

  • Godt arbeidsmiljø
  • Stilling i eit selskap i utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår

www.morenett.no           Vi er Mørenett, vi samlar krafta!

For meir informasjon

  • Seksjonsleiar Kjell Krogstad, telefon 913 38 393

Søknadsfrist: 27. juni

Søk på stillinga her