Energimontørar

I divisjon for montasje har vi no ledig faste stillingar på heiltid som energimontør. Oppmøtestad Herøy, Ålesund eller Norddal.

Mørenett AS er det leiande nettselskapet på Nordvestlandet, og driv regional-, sentral- og distribusjonsnettet i 20 kommunar. Hovedkontoret vårt ligg i Herøy kommune, med montørbase i Ålesund, Norddal og Vanylven kommunar. Vi utviklar og driftar ei effektiv elektrifisering av regionen. Målet vårt er å styrke Mørenett sin profil som ein framoverlent tilretteleggar av ei grønare og meir energieffektiv framtid.

Vi søker no etter energimontørar knytt til basane våre i Ålesund, Herøy og Norddal.

Arbeidsoppgåver

  • Drift, vedlikehald og fornying av Mørenett sitt regional- og distribusjonsnett
  • Oppgåver og moglegheit for utvikling av våre stasjons, drifts- og linjemiljø
  • Deltaking i Mørenett sin beredskap

Kompetanse

  • Fagbrev som energimontør
  • Førarkort klasse B er eit krav, det er ønskeleg med BE
  • Det er viktig at søkar er fortruleg med bruk av digitale verktøy
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

For meir informasjon

Kjell Krogstad, seksjonsleiar, telefon 913 38 393
Arve Hovdenak, divisjonssjef, telefon 917 32 223

Søknadsfrist: 23. mars 2019

Søk på stillinga her