Ferievikar i Mørenett 2019

Mørenett søker ferievikarar for sommaren 2019 på basane våre i Dragsund og Ålesund.

Mørenett AS er det leiande nettselskapet på Nordvestlandet, og driv regional-, sentral- og distribusjonsnettet i 20 kommunar. Hovedkontoret vårt ligg i Herøy kommune, med montørbase i Ålesund, Norddal og Vanylven kommunar. Vi utviklar og driftar ei effektiv elektrifisering av regionen. Målet vårt er å styrke Mørenett sin profil som ein framoverlent tilretteleggar av ei grønare og meir energieffektiv framtid.

Du må vere over 18 år, men har du eit ønske om lærlingplass i Mørenett for hausten 2019, vil vi vurdere søknaden din sjølv om du ikkje har fylt 18 år enno. Det er ønskeleg at søkarar har førarkort, då det kan verte litt reising mellom stasjonane og basane våre.

Dersom du kan tenke deg å vere ferievikar hos oss, skriv du litt om deg sjølv og grunnen til dette. Det er fint om du skriv kva periode av sommaren du ønsker arbeid.

Søknadsfrist er 23. mars.

Kontaktperson

Tarjei Almestad, HR-ansvarleg, telefon: 905 70 361

Søk sommarjobb her