Koordinator Teknisk Kundeservice

Vi har ledig fast stilling på heltid som koordinator teknisk kundeservice. Oppmøtestad på Høgvoll i Ålesund eller Dragsund i Herøy.

Vil du bidra til den grøne omstillinga av regionen vår? Mørenett er nettselskapet for 67000 kundar i 14 kommunar på Sunnmøre. Selskapet består av 147 dedikerte medarbeidarar. Mørenett sitt oppdrag er å bygge, utvikle og drifte ein effektiv elektrifisering av regionen vår. Dette er eit viktig samfunnsoppdrag. I tillegg til å sikre eit meir og meir straumavhengig samfunn stabil og sikker straum, er vi ein sentral kraft i det grøne skiftet.

Beskrivelse

Kundesenteret har dialog med kundane våre, og løyser store og små utfordringar. Trivast du med servicearbeid, problemløysing og har alltid kunden i fokus, kan dette vere midt i blinken for deg. Våre kundar har høge forventningar til oss, og det skal vi levere på! Vi styrkar kundesenteret vårt, og søker etter Koordinator Teknisk Kundeservice.

Arbeidsoppgåver

  • Kundeservice og rådgjevarteneste ved tekniske spørsmål
  • Mottak og behandling av meldingar om m.a. straumstans, feil eller skadar på anlegg og linjer, og planlegge rettingar
  • Behandle meldingar frå installatør
  • Planlegge og følge opp arbeid knytt til dagleg drift av straumnettet

Kompetanse

Stillinga krev god kjennskap til drift av straumnettet. Du må rekne med mykje kontakt med kundar, installatørar og entreprenørar, i tillegg til kollegaer i Mørenett. Om du er energimontør eller har ingeniørhøgskule eller teknisk fagskule, kan du vere den rette for oss.

Eigenskapar vi legg vekt på

  • Omgjengeleg, god orden og løysingsorientert
  • Lagspelar med evne til å skape begeistring for kontinuerleg forbetring
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar
  • Teknisk forståing med evne til å formidle kunnskap vidare
  • Du tek i bruk nye system og rutinar raskt, og er ikkje redd for endringar

Vi kan tilby

  • Godt miljø med gode støttespelarar
  • Stilling i eit selskap i utvikling
  • Det vert gjeve nødvendig opplæring, men truleg har du med deg mykje av kompetansen vi treng
  • Konkurransedyktige vilkår

www.morenett.no           Vi er Mørenett, vi samlar krafta!

For meir informasjon

  • Per Jarle Paulsen, Divisjonssjef nettkunde, telefon 90 60 87 72
Søknadsfrist: 17. juni 2021
Søk på stillingen her