Lærling i energimontørfaget

Er du ein person som likar at to dagar ikkje er like? Liker du tanken på ein arbeidsdag fylt med læring og utfordring? Vi søker etter deg som ønsker å ta fagbrev som energimontør i Mørenett.

Mørenett AS er det leiande nettselskapet på Nordvestlandet, og driv regional-, sentral- og distribusjonsnettet i 20 kommunar. Hovedkontoret vårt ligg i Herøy kommune, med montørbase i Ålesund, Norddal og Vanylven kommunar. Vi utviklar og driftar ei effektiv elektrifisering av regionen. Målet vårt er å styrke Mørenett sin profil som ein framoverlent tilretteleggar av ei grønare og meir energieffektiv framtid.

Vi kan love deg arbeid i fantastiske naturomgjevnadar. Vi kan love deg at du får ansvar, og får arbeide med små og store utfordringar i eit stort geografisk område. Vi kan love deg at du får prøvd deg i høgda, så vel som på bakken. Alt dette i lag med gode kollegaer, og med fagleg oppfølging innan alt det som skal til for å bli energimontør. Vil du vere med på laget?

Vi samlar krafta på Møre - det er vår visjon.

Søknadsfrist 31. mars.

Kontaktperson

Tarjei Almestad, HR-ansvarleg, telefon: 905 70 361

Søk lærlingplass her