Prosjektleiar regionalnett

I seksjon for Nettutvikling har vi no ledig ei spennande fast stilling på heiltid som prosjektleiar med oppmøtestad ved hovudkontoret vårt i Dragsund.

Mørenett AS er det leiande nettselskapet på Nordvestlandet, og driv regional-, sentral- og distribusjonsnettet i 20 kommunar. Hovedkontoret vårt ligg i Herøy kommune, med basar i Ålesund, Norddal og Vanylven kommune. Vi utviklar og driftar ei effektiv elektrifisering av regionen. Målet vårt er å styrke Mørenett sin profil som ein framoverlent tilretteleggar av ei grønare og meir energieffektiv framtid. 

Vi har behov for å styrke fagmiljøet i seksjon for Nettutvikling ved hovudkontoret i Dragsund, og leitar etter prosjektleiar regionalnett i fast stilling på heiltid.

Arbeidsoppgåver

Ansvarleg for gjennomføring av prosjekt for nybygging og rehabilitering av regionalnettanlegg (132/66 kV) og større prosjekt i distribusjonsnettet (22 kV) innanfor tid, kost og kvalitet.

  • Ansvar for å inngå nødvendige grunneigaravtalar
  • Bidra til å redusere risiko i forprosjektfasen
  • Bidra i detaljprosjektering og anskaffing til prosjekt
  • Ta ei aktiv rolle for å styre uvisse og moglegheit i prosjektet
  • Ansvar for oppfølging av eksterne konsulentar og entreprenørar
  • Utarbeide planar for gjennomføring av eigne og andre sine oppgåver
  • Ansvarlig for oppfølging av kontrakter, økonomi, framdrift, kvalitet, rapportering og dokumentasjon
  • Styre og leie eigne og leigde prosjektressursar

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning primært innan elektroteknikk/elkraft/energi og miljø (master/bachelor)
  • Erfaring innan prosjektleiing, planlegging og/eller prosjektering
  • Kompetanse innan bestillar- og kontraktsområdet
  • God forståing og vurdering av risiko

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Løysings- og resultatorientert
  • Strukturert, nøyaktig, effektiv og sjølvstendig
  • Gode gjennomføringsevner

Generelt for stillinga

  • Godt miljø med erfarne medarbeidarar
  • Spennande og utfordrande oppgåver i ein hektisk kvardag

For meir informasjon

Stig Julius Haugen, seksjonsleiar, telefon 480 31 358
Runar Tandstad, divisjonssjef, telefon 950 06 290

Søknadsfrist: 26. april 2019

Søk på stillinga her