Mørenett som arbeidsgjevar

Mørenett skal vere ein trygg arbeidsplass med medarbeidarar som trivst, utviklar seg, tek ansvar og skaper resultat.

Mørenett er ein attraktiv arbeidsplass med sterke fagmiljø. Vi er om lag 140 tilsette, som jobbar med ei rekkje ulike oppgåver innanfor ulike fagfelt, med ulike krav til utdanning og kompetanse. Med hovudkontor i Dragsund i Herøy, og avdelingar i Ålesund, Hornindal, Valldal og Fiskå er vi ein viktig kompetansearbeidsplass både i bygd og by.

Mørenett er organisert i tre divisjonar, nettforvaltar, montasje og systemdrift. Mørenett eig og driv straumnettet i 12 kommunar på Sunnmøre og delar av Nordfjord.

Utvikling av medarbeidarar er viktig for oss, og i Mørenett blir du del av eit sterkt fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter. Vi har eige opplæringsutval for å sikre at medarbeidarane sine ønskje vert vurderte og prioriterte. Fag og personalleiing er likestilte utviklingsvegar.

HMS er viktig for oss - tryggleik kjem først, alltid! Omtanke for kvarandre og for miljøet er sjølvsagt for ein medarbeidar i Mørenett.