Vår oppgåve

Mørenett AS er eit nettselskap med konsesjonsområde på Sunnmøre og deler av Nordfjord. Vi er eigar av og er ansvarleg for straumnettet i dette området.

Dersom du bur innanfor vårt område så er det vår oppgåve å transportere straumen frå kraftleverandøren du har valt fram til huset ditt.

Alle nettselskap har monopol på sine tenester innanfor sitt geografiske område. Du kan difor ikkje byte nettselskap om du ikkje er tilfreds tenestene våre, men vi tek gjerne mot tilbakemeldingar.

Grunnen til at nettselskap har monopol er at det vil være svært lite lønsemd i å ha konkurrerande nettselskap som bygger kvart sitt parallelle straumnett.

Forrige
Forrige

Økonomi og rapportar

Neste
Neste

Konsesjonsområdet