eFaktura og AvtaleGiro

  • eFaktura er ein avtale om at du ynskjer å få tilsendt faktura direkte til din nettbank. eFaktura vert no omtala som eFaktura 2.0

  • eFaktura 2.0 vert teke i bruk i 2022 og fører til at du får eFaktura frå alle selskap som har ordninga, dersom du er registrert som mottakar av eFaktura frå alle. Du er registrert som eFaktura 2.0 mottakar dersom du har sagt «Ja takk til alle» i nettbanken din.

    Les meir om eFaktura 2.0 her

  • Er du eFaktura 2.0 mottakar kan du sperre selskap som du ikkje ynskjer å motta eFaktura frå, dette må registrerast i nettbanken. Sperrar du Mørenett som leverandør av eFaktura vil du få faktura per post.

  • Du må vere juridisk eigar av straumabonnementet for å kunne få tilsendt eFaktura til din nettbank. Skal du motta faktura på vegne av andre kan dette ikkje sendast som eFaktura. Viss andre enn kunden sjølv skal vere fakturamottakar må Mørenett vere fjerna som leverandør av eFaktura i kunden sin nettbank. Om eFakturaavtalen er fjerna kan faktura sendast til andre per post eller e-post, etter nærare avtale.

  • Dette er ein avtale mellom deg og banken som gjer at fakturaen automatisk blir betalt ved forfall. AvtaleGiro oppretter og avslutter du i nettbanken, eller ved å kontakte banken din.

    Når du oppretter AvtaleGiro må KID for Avtalegiro registrerast. KID er oppgitt på faktura frå Mørenett.

    Hugs å setje høg nok beløpsgrense slik at faktura med normal variasjon ikkje vert stoppa. Det er høgre forbruk om vinteren enn om sommaren og difor variasjon i nettleigefaktura.

  • Vi kan setje fast forfallsdato som samsvarar med dato for lønn eller pensjon for å sikre at der er dekning på konto den dagen det er forfall. Kontakt oss om dette er noko de ynskjer.

Forrige
Forrige

Kan eg få EHF faktura?

Neste
Neste

Eg er einaste i nabolaget utan straum, kva gjer eg?