Leveringsplikt

Mørenett har plikt til å levere straum til dei av våre nettkundar som midlertidig står utan avtale med ein ordinær kraftleverandør. Denne ordninga vert kalla "leveringsplikt", og skal sikre at du automatisk får midlertidig tilgang på straum ved flytting eller andre spesielle situasjonar.

Leveringspliktig straum er normalt dyrare enn straum frå kraftleverandørane. Pris på leveringspliktig straum er basert på spotpris tillagt eit påslag som inkluderar tillegg for elsertifikat. Nettleige kjem i tillegg. Alle prisar inkl. mva. 

Prisen for straum levert på denne ordninga er Nordpool Spotpris i tillegg til eit påslag som er regulert frå myndigheitene. Fram til 1. juli 2024 er dette påslaget 6,25 øre/kWh inkl. mva.

Les meir i pressemeldinga frå Regjeringa her

Slik unngår du leveringsplikt:

Det lønner seg å skaffe avtale med ein ordinær kraftleverandør innan seks veker. Du unngår å stå lenge på denne ordninga ved å:

  • Sjekke om Mørenett står oppført som kraftleverandør på fakturaen din. I så fall står du på leveringsplikt.

  • Om du ikkje alt har gjort det - bestill straumavtale med en ordinær kraftleverandør. Du står fritt til å velje kva kraftleverandør du vil inngå avtale med.

  • Få oversikt over straumprisar frå ulike kraftleverandørar i ditt område på www.strompris.no.

Varedeklarasjon for straumleverandørar og informasjon rundt dette finn du på nve.no.

Forrige
Forrige

Elbillading

Neste
Neste

Avtalar og vilkår