Nettleige regionalnett

Distribusjonsnetta i Tindra Nett AS, Straumen Nett AS og Nordvest Nett AS er alle knytt til Mørenett sitt regionalnett, og er såleis rekna som våre uttakskundar i regionalnettet. Dei vert avrekna med eit fastledd og eit energiledd.

Fakturering

Kundar i regionalnettet vert fakturert for fastledd og energiledd samla kvar månad.

Fastledd

Avrekningsgrunnlaget for det faste leddet er basert på gjennomsnittleg totalforbruk i topplasttimen dei 5 siste åra. Eventuelt fleksibelt forbruk skal avreknast på same måte med reduserte prisar. Kunden sitt forbruk vert justert med ein faktor som reflekterer fordeling av forbruk og produksjon i utvekslingspunktet (k-faktorjustert avrekning). Dette for å stimulere til kostnadsnyttig lokalisering av forbruk i forhold til produksjon i området.

Energiledd

Energileddet vert avrekna som eit produkt av gjeldande områdepris frå NordPool, tapssats og mengde netto utveksling. Tapssatsar for kvart utvekslingspunkt vert berekna forskotsvis kvar månad. Her finn du link til tapssatsane.




Forrige
Forrige

Nettleige kraftverk

Neste
Neste

Ledige stillinger