Historie

Mørenett vart etablert 1. januar 2014. Selskapet er resultat av ein fusjon mellom nettverksemda i tidlegare Tafjord Kraftnett og Tussa Nett. Fusjonen vart gjort for å styrke nettverksemda på Sunnmøre og gjere ho meir robust og effektiv.

Etablering av Mørenett er eit godt døme på framtidsretta utvikling i nettbransjen. Rammevilkåra for nettverksemdene i Noreg er under endring, og krav til både kompetanse, effektiv drift og beredskap aukar. Frå eit samfunnsperpektiv er det uttalt frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED) at det bør bli færre og større nettselskap i Norge.

Organisering frå 1. mai 2017

Som ei tilpassing til endra lovverk, har Mørenett frå 1. mai 2017 skilt ut konkurranseutsette tenester, og vart med dette eit reindyrka monopolselskap med områdekonsesjon for distribusjon- og regionalnett i delar av Sunnmøre og Nordfjord. Som ein følgje av dette har vi fått ny organisering med tre divisjonar: nettforvaltar, montasje og systemdrift. Vi har også oppretta ei eiga teneste for teknisk kundeservice som skal gjere det enklare for deg å få hjelp til tekniske saker og spørsmål i kraftnettet.

Ny organisering frå 1. oktober 2020

Mørenett AS er no organisert i tre divisjonar: nettforvaltar, nettkunde og montasje. 

Mørenett AS skal vere eit kundeorientert selskap, og kundane skal møte ein enkel, rasjonell og definert veg inn til selskapet. For å oppnå dette vart nettkundedivisjonen oppretta 1. oktober, og naturlege samhandlingsmiljø vart lagt til den nye divisjonen. 

Frå og med 2. halvår 2021 overtok Mørenett eigarskap og ansvar for distribusjonsnettet i Stryn kommune. Nettet var tidlegare eigd av Brenett AS/ Stryn Energi AS.

Forrige
Forrige

Jobb og karriere

Neste
Neste

Organisasjon