Eg er einaste i nabolaget utan straum, kva gjer eg?

Sjekk først hovudsikring i sikringsskapet, du finn ei oversikt på innsida av skapdøra.

  1. Har du automatsikringar skal brytaren vende opp eller proppa inntrykt.

  2. Har du skru-/patronsikringar skiftar du desse, det kan vere vanskeleg å sjå brot på slike.

  3. Neste steg er å sjekke inntaks- eller fellessikringar dersom du har det. Dei finn du på loftet eller i kjellaren gjerne avhengig av om du har luftstrekk eller kabel inn til huset.

  4. Til slutt sjekker du om jordfeilbrytar er løyst ut.

 
 

Om jordfeilbrytar er løyst ut

  1. Prøv å legge den inn igjen

  2. Dett den ut på nytt, legg ut alle kurssikringar og prøv den inn igjen. Står den inne då, prøv å legg inn ein etter ein kurs til det eventuelt dett ut. Dett det ut på ein kurs då så er det sannsynleg der jordfeilen er.

  3. Uansett kontakt elektrikar så du får en sjekk av godkjent fagfolk.

  4. Ein kan også prøve å legge ut varmekabel på bad eller varmtvannberedar for å teste om det gjer at jordfeilbrytar held seg inne.

 

Sikringsskap

Sikringsskapet er den sentrale delen av det elektriske anlegget, og skal ivareta sikkerheten i anlegget.

I vår Elsikkerhetsportal finn du informasjon og tips som er nyttige under feilsøking.

Typiske problem kan vere:

  • Jordfeilbrytaren

  • Sikringar

  • Overspenningsvern

Sikringsskap – Mørenett (elsikkerhetsportalen.no)

 

Dersom du tek direkte kontakt med elektrikar og ynskjer at vi tek kostnad med elektrikar, skal dette være avklart med oss på forhand.

Sjå også eigne gebyr for utrykning. Desse vert nytta dersom feil er i egen installasjon

Forrige
Forrige

eFaktura og AvtaleGiro

Neste
Neste

Korleis opnar eg HAN-porten?