Nettleige privat

Du betalar eit fast beløp per månad ut frå gjennomsnittet av tre døgnmaksar i løpet av månaden. Beløpet aukar stegvis i takt med storleik på gjennomsnittleg døgnmaks som i ei trapp. For å senke døgnmaksen gjeld det å fordele straumforbruket gjennom døgnet, og ikkje bruke unødig mykje straum samtidig. For eksempel rår vi til å lade elbilen sakte og sikkert om natta. Sjå til at du tek omsyn til eltryggleiken, og bruk aldri hushaldsartiklar som vaskemaskin o.l. om natta eller når du ikkje er heime.

I tillegg betalar du eit energiledd som før, prisen er rimelegare om natta (kl. 22:00-06:00) enn om dagen. Statleg påslag til Enova på 1,25 øre/kWh er inkludert i energileddet og elavgift på 11,89 øre/kWh (januar – mars) og 20,55 øre/kWh (april – desember) er også inkludert i energileddet.

Les meir om Forbruksavgift for elektrisk kraft. Alle prisar er inkl. 25 % mva.

Døgnmaks: Timen med høgast forbruk i løpet av eit døgn kallar vi døgnmaks. Gjennomsnittet av dei tre høgste døgnmaksane i løpet av månaden bestemmer kva trinn du får på kapasitetsleddet.

 

Leveringsplikt

Nettselskapet har plikt til å levere straum til eigne nettkundar som står utan avtale med ein ordinær kraftleverandør. Denne ordningen vert kalla "leveringsplikt", den skal sikre at du har tilgang på straum ved flytting eller andre spesielle situasjonar. Les meir her

Spar pengar med energistyring

Er du bevisst på forbruket ditt har du høve til å påverke og justere avrekningsgrunnlaget ditt på nytt kvar månad. Det er pengar å spare på lågare nattpris og fordeling av forbruk gjennom døgnet. Men pass på at straumforbruket ditt ikkje går utover elsikkerheita. Bruk aldri vaskemaskin og andre hushaldsartiklar på natta når du søv eller når du ikkje er heime.

 

Nettleigeprisar gjeldande frå 01.01.2024

Trinn
1-10
Forbruk
kW
Kapasitetsledd
kr/mnd
Trinn 1 0-2 263
Trinn 2 2-5 329
Trinn 3 5-10 395
Trinn 4 10-15 658
Trinn 5 15-20 789
Trinn 6 20-25 920
Trinn 7 25-50 1 315
Trinn 8 50-75 1 446
Trinn 9 75-100 1 578
Trinn 10 Over 100 1 973
Energiledd Dag klokka
06:00-22:00
øre/kWh
Natt klokka
22:00-06:00
øre/kWh
januar - mars 39,58 30,83
april - desember 48,25 39,50

Gjeldande tariffark

Tenester og gebyr

Stengegebyr gjeld anten du har bestilt stenging sjølv, eller du har fått varsel om stenging pga brot på leveringsvilkår regulert i Nettleigeavtalen og Tilknytingsavtalen.

Gebyret er knytt til anleggsadresse, dvs. at eigar av fleire anlegg på same adresse får berre eitt gebyr. Har du ikkje fått montert målar med kommunikasjon, må du betale årleg avlesingsgebyr. Alle prisar inkl. mva.

 
Tenester og gebyr Pris inkl. mva
Stenging med montør* 2 250 kr
Opning utanfor ordinær arbeidstid* 2 250 kr
Oppmøte utan gjennomført stenging 1 000 kr
Fjernstenging 1 000 kr
Avlesingsgebyr målar utan kommunikasjon (per år) 1 875 kr
Utrykning utan feilretting i ordinær arbeidstid** 3 000 kr
Utrykning utan feilretting utanfor ordinær arbeidstid** 5 000 kr
Deaktivere kommunikasjon (på montert målar) 1 750 kr
Målarkontroll hos kunde 2 250 kr
Målarkontroll i laboratorium 5 000 kr
Anleggskasse (pris per tilkopling/fråkopling) 2 250 kr
* Stengegbyr er knytt til adresse, eigar av fleire anlegg på same adresse får berre eitt gebyr
**Ordinær arbeidstid: Arbeidsdagar 07:30-15:00
Forrige
Forrige

Nettleige næring

Neste
Neste

Kabelpåvisning