Ny nettleigemodell

Her finner du svar på spørsmål om ny nettleige frå 1. juli 2022

  • Frå 1. juli innfører Mørenett ein ny nettleigemodell som vil premiere smart bruk av straumnettet, og skape ei meir rettferdig fordeling mellom kundane.  Innføring av ny nettleige har vært diskutert og planlagt gjennom fleire år. Olje- og energidepartementet tok den endelege slutninga om å innføre ordninga, med støtte frå nettbransjen og andre organisasjonar. Vi brukar stadig meir straum til elektrifisering av samfunnet. Ved å utnytte det eksisterande nettet unngår vi dyre unødvendige utbyggingskostnader og økt nettleige. For å få dette til må vi fordele forbruket gjennom døgnet.

  • Det du kan påverke er kor tid og korleis du brukar straumen. Det er lurt å fordele forbruket ut over døgnet. Ikkje bruke mange hushaldningsapparat på same tid, og har du Elbil anbefalar vi at du ladar denne sakte og trygt om natta.

  • Dette kjem an på kva kapasitetstrinn du hamner på.

    Logg inn på Di side og sjekk ut vår nye nettleigekalkulator for privatkundar. Der ser du nettleiga for ditt forbruk siste året med ny og gammal modell.

  • Den nye nettleiga påverkar ikkje nettselskapet sine inntekter - dei blir bestemt av styresmaktene.

    Den nye modellen gir deg som kunde derimot høve til å spare pengar ved å bruke straumen smartare. Veldig små hushald med lite straumforbruk betalar gjerne litt mindre enn før, og større hushald med ein eller to elbilar må betale meir dersom dei ikkje legg om ladevanane sine.

    Mørenett får ikkje meir inntekt, men nettleiga vert meir rettferdig fordelt på forbrukarane.

  • Nettet i dag er ikkje dimensjonert til å forsyne straum til elektrifiseringa og ny klimavenleg industri i rask utvikling. Ny nettleigemodell er eit verktøy for å utnytte kapasiteten til nettet vi alt har bygd. Slik trenger vi ikkje investere store summer i oppgradering av nettet før tida.  Straumnettet er eit stort spleiselag betalt av forbrukarane gjennom nettleiga

  • Di side vil du finne informasjon om forbruket og effektuttak innan kl. 9 påfølgjande dag.

    Fleire kraftleverandørar har utvikla App som hentar forbruk frå målaren din i sanntid, utstyr til dette må kjøpast hos kraftleverandør som tilbyr dette eller andre tilbydarar. Skaffar du deg slikt utstyr, må du opne HAN porten din via innlogginga på Di side. Dette kan vere ein nyttig måte å fylgje med om ein klarer å halde seg på eit nivå ein er komfortabel med.

  • Det er timen med høgast forbruk i løpet av eitt døgn. Det telles i heile klokketimar og er gjennomsnittet av effekten i løpet av denne tiden.

  • Det er eit beløp du betalar fast kvar månad utifrå av kva trinn du blir avrekna etter. Beløpet kan endre seg frå ein månad til ein annan avhengig av kva kapasitetstrinn du hamnar på. Kapasitetsledd er gjennomsnitt av tre høgaste døgnmaksane i løpet av månaden.

  • Fastleddet du tidlegare betalte er no erstatta med kapasitetsledd. I prinsippet er dette det same. Fastleddet var eit fast kronebeløp kvar månad heile året basert på installert kapasitet på anlegget ditt.

    Kapasitetsleddet er eit beløp du betalar kvar månad basert på målt kapasitet på anlegget ditt. Beløpet er det same kvar månad så lenge du held deg innanfor same trinn. Dei fleste går ned eit trinn om sommaren pga. mindre forbruk til oppvarming.

  • Vi ønsker å flytte trygt forbruk på dagtid til natt då det er meir ledig kapasitet på nettet på denne tiden. Eksempel på forbruk som kan flyttast til natt er trygg lading av elbil.

    Gode tips til trygg bruk av straumnettet:

    Elsikkerhetsportalen

    Sikkerhverdag.no

  • Kundar på dei tre første trinna (0-10 kW samtidig forbruk) har gjerne lite forbruk som er eigna til å flytte til andre tider på døgnet.  Dei fleste hushald som ligg over 10 kW (trinn 4 eller meir) har gjerne ein eller fleire elbilar. Nettet er dimensjonert ut frå samtidig forbruk på 5-10 kW per hushald, men har ikkje kapasitet til elbilar som ladast på 7, 11 eller 22 kW. Fleire elbilar til lading på høg effekt på dagtid då ein i tillegg brukar andre hushaldningsapparat i same gate er kostnadsdrivande.  Dette kan føre til at vi t.d. må skifte nettstasjonen før tida er inne.

  • Kort fortalt betyr det at du skal lade elbilen med godkjent elbil-ladar montert av installatør. Dei fleste elbilane tilbyr administrering av lading via app, det vil sei at du kan stille inn kor tid ladinga skal starte, kor mykje den skal lade opp til og kor fort bilen skal ladast. Nokre ladarar har også denne tenesta på sjølve ladaren.

    Bilar og ladarar er forskjellig, ta kontakt med din elbil-leverandør/ladeleverandør for informasjon som gjelde for deg dersom du ikkje finn svar på spørsmålet ditt her.

    Gode tips til trygg bruk av straumnettet:

    Elsikkerhetsportalen

    Sikkerhverdag.no

  • Hovudregelen er å unngå samtidig bruk av straumkrevjande apparat/utstyr.

    Ny nettleigemodell er først og fremt eit verktøy for å møte lading av eit raskt aukande antal elbilar. Har du ikkje elbil, vil du mest sannsynleg ikkje merke så mykje endring med ny nettleigemodell.

    Vanlege energisparetiltak som etterisolering, varmepumpe eller vedfyring kan senke forbrukstoppen vinterstid. Eller du kan stille inn varmekablar og varmtvannstanken til å varme seg opp på natta. Har du moglegheit til å senke temperaturen på varmekjelder kan dette også bidra på ditt totale forbruk.

    Av omsyn til brannvern anbefalar vi ikkje til å bruke elektriske artiklar som vaskemaskin, oppvaskmaskin t.d. om natta eller når ein er vekkreist. Det er i tillegg minimalt å spare på dette.

  • Oversikt over forbruket er berre mogleg å få for dei som har automatisk straummålar (AMS), som er installert i dei aller fleste hus. Ta kontakt med oss dersom du ikkje har automatisk straummålar så sender vi ut montør for å bytte målaren din.

  • Mørenett arbeider med å legge til rette for at våre kundar kan hente ut data om nettleige. Vi fyljer standarden som Digin Energi har utvikla. Sjå meir her: Nettariff API

    Dette vil være klart i løpet av hausten/vinteren.

 
Neste
Neste

FAQ - kapasitetsbegrensninger i nettet på Sunnmøre, og informasjon om at det innføres krav om tilknytning med vilkår