Nettleige næring

 

Årsforbruk under 100 000 kWh

Du betalar eit fast beløp per månad ut frå gjennomsnittet av tre døgnmaksar i løpet av månaden. Beløpet aukar stegvis i takt med storleik på gjennomsnittleg døgnmaks som i ei trapp. For å senke døgnmaksen gjeld det å fordele straumforbruket gjennom døgnet, og ikkje bruke unødig mykje straum samtidig.

I tillegg betalar du eit energiledd som før, prisen er rimelegare om natta (kl. 22:00-06:00) enn om dagen. Energiledd er inkl. elavgift på 9,51 øre/kWh (januar-mars) og 16,44 øre/kWh (april-desember). Kapasitetsledd er inkl. påslag til Enova på 800 kr/år. Alle prisar eks. mva.

Nokre næringsbedrifter har redusert eller fritak frå elavgift. Les meir om Forbruksavgift for elektrisk kraft. Alle prisar er eks. mva.

Døgnmaks: Timen med høgast forbruk i løpet av eit døgn kallar vi døgnmaks.

Kapasitetsledd: Pris per månad etter kor mykje straum du brukar samtidig. Gjennomsnittet av dei tre høgste døgnmaksane i løpet av månaden bestemmer kva trinn du avreknast etter.

Leveringsplikt

Nettselskapet har plikt til å levere straum til eigne nettkundar som står utan avtale med ein ordinær kraftleverandør. Denne ordningen vert kalla "leveringsplikt", den skal sikre at du har tilgang på straum ved flytting eller andre spesielle situasjonar. Les meir her

 

Nettleigeprisar gjeldande frå 01.01.2024

Årsforbruk under 100 000kWh

Trinn
1-10
Forbruk
kW
Kapasitetsledd

(kr/mnd)
Trinn 1 1-2 277
Trinn 2 2-5 330
Trinn 3 5-10 383
Trinn 4 10-15 593
Trinn 5 15-20 698
Trinn 6 20-25 803
Trinn 7 25-50 1 119
Trinn 8 50-75 1 224
Trinn 9 75-100 1 329
Trinn 10 Over 100 1 645
Energiledd Dag klokka
06:00-22:00
øre/kWh
Natt klokka
22:00-06:00
øre/kWh
januar - mars 30,67 23,67
april - desember 37,60 30,60
 

Årsforbruk over 100 000 kWh

Har du eit årsforbruk over 100 000 kWh blir du avrekna med fastledd, energiledd og effektledd som før. Avrekningsgrunnlag for effektleddet er høgste timeforbruk på dagtid i vekedagane (høglasttid) i løpet av ein kalendermånad (månadsmaks). Pris på effektledd er rimelegare om sommaren. Eigne prisar for kundar tilknytt høgspent. Statleg påslag til Enova på 800 kr/år er inkludert i fastleddet. I tillegg kjem statleg elavgift på 9,51 øre/kWh (januar – mars) og 16,44 øre/kWh (april – desember). Nokre næringsbedrifter har redusert eller fritak frå elavgift. Les meir om Forbruksavgift for elektrisk kraft. Alle prisar eks. mva.

Sommar: 1. april – 30.september

Høglasttid: Dagtid i vekedagane (mandag – fredag kl. 06:00 – 22:59)

Månadsmaks: Timen med høgast forbruk i løpet av ein kalendermånad kallar vi månadsmaks. Berre forbruk på dagtid i vekedagane blir definert som månadsmaks og brukt til avrekning av effektleddet.

 

Nettleigeprisar gjeldande frå 01.01.2024

Årsforbruk over 100 000kWh

Kundegruppe Fastledd

(kr/år)
Energiledd hele året (øre/kWh) Effektledd sommer (kr/kW/mnd) Effektledd vinter (kr/kW/mnd)
Prioritert forbruk lågspent 8 800 7,20 31 68
Prioritert forbruk høgspent 20 800 6,60 31 68
Utkoblbart forbruk lågspent (UKT) 8 800 7,20 11 24
Utkoblbart forbruk høgspent (UKT) 20 800 6,60 16 36
 

Reaktivt forbruk

Reaktivt forbruk er magnetiseringsenergi generert av sag-/viftemotorar, transportband eller andre roterande komponentar. Dette er energi som ikkje kan nyttast til å utføre arbeid, men som tek opp plass i kraftnettet og fører til større energitap. Reaktivt forbruk er ein del av nettleiga dersom denne kjem over 50 % av det aktive forbruket (tan ɸ ≥ 0,5). Prisen for reaktivt forbruk er 12 øre/kVArh.

Utkoplbart forbruk (UKT)

Næringskundar med installert effekt over 250 kW på målepunktet kan inngå avtale om utkoplbar tariff (UKT). Avtalen gjev Mørenett høve til å kople frå straumen ved behov, og du får redusert nettleigepris heile året. Anlegget må ha utstyr for fjernutkopling. Det er inga øvre grense for kor lenge straumen kan vere borte. Du må difor vurdere behovet ditt for reserve energikjelde nøye før du inngår avtale om utkoplbart forbruk.

 

Avrekning og faktura

Fastledd, energiledd og effektledd vert fakturert månadsvis på etterskot. 

Dei ulike tariffledda er spesifisert på faktura saman med forbruksavgifta. I tillegg finn du informasjon om målarstand, forbruk og effekt som ligg til grunn for avrekninga.

Spar pengar med energistyring

Er du bevisst på forbruket ditt har du høve til å påverke og justere avrekningsgrunnlaget ditt på nytt kvar månad. Det er pengar å spare på lågare sommarpris og styring av forbruk til låglasttid for kundar med årsforbruk over 100 000 kWh. Kundar med årsforbruk under 100 000 kWh sparar pengar på lågare nattpris og fordeling av forbruk gjennom døgnet.

 

Tenester og gebyr

Stengegebyr gjeld anten du har bestilt stenging sjølv, eller du har fått varsel om stenging pga brot på leveringsvilkår regulert i nettleigeavtalen og tilknytingsavtalen. Avtalane finn du på denne sida. Gebyret er knytt til anleggsadresse, dvs. at eigar av fleire anlegg på same adresse får berre eitt gebyr. Har du ikkje fått montert målar med kommunikasjon, må du betale årleg avlesingsgebyr. Alle prisar eks. mva.

* Stengegbyr er knytt til adresse, eigar av fleire anlegg på same adresse får berre eitt gebyr
** Ordinær arbeidstid: Arbeidsdagar 07:30-15:00
 
Tenester og gebyr Kr eks mva
Stenging med montør* 1 800 kr
Opning utanfor ordinær arbeidstid** 1 800 kr
Oppmøte utan gjennomført stenging 800 kr
Fjernstenging 800 kr
Avlesingsgebyr målar utan kommunikasjon (per år) 1 500 kr
Utrykning utan feilretting i ordinær arbeidstid** 2 400 kr
Utrykning utan feilretting utanfor ordinær arbeidstid** 4 000 kr
Deaktivere kommunikasjon (på montert målar) 1 400 kr
Målarkontroll hos kunde 1 800 kr
Målarkontroll i laboratorium 4 000 kr
Anleggskasse (pris per tilkopling/fråkopling) 1 800 kr
 
Forrige
Forrige

Faktura og betaling

Neste
Neste

Nettleige privat