Godt resultat for Mørenett i 2021

Mørenett oppnådde eit resultat etter skatt på 87,2 millionar kroner i 2021

Driftsinntektene vart 649,9 millionar kroner i 2021, og driftsresultatet vart 130,1 millionar kroner. Driftsresultatet er 19,8 millionar kroner svakare enn i 2020. Hovudårsaka til nedgangen i resultatet er nedgang i inntektsramma som er bestemt av styresmaktene.

- Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane, og søkjer å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping, seier adm. direktør Rune Kiperberg.  

 

Adm.dir. Rune Kiperberg

Fusjon med Brenett i Stryn 

1. november 2021 fusjonerte Mørenett med Brenett i Stryn, og Mørenett utvida med det området sitt inn i Vestland fylke. Brenett  tilførte Mørenett 4 500 kundar og 131,2 mill. kr i nettkapital.

Høgare kraftforbruk 
Mørenett har distribusjonsnett på Sunnmøre og i delar av Nordfjord, og har om lag 73 000 målepunkt i distribusjonsnettet. Det siste året har forbruket i distribusjonsnettet auka med 201,7 GWh. Mykje av auken skriv seg frå utvida konsesjonsområde, men auken kjem og som effekt av omfattande elektrifisering i området. I 2021 vart det levert 1 984,4 GWh til sluttbrukar, mot 1 782,7 GWh i 2020.

Omfattande investeringar 

Mørenett hadde omfattande investeringar i 2021. I regionalnettet er det gjennomført tiltak på 132 kV luftlinje på strekninga frå Haugen til Ryste og Håheim. Tiltaket har gitt ei auke i overføringsevna til nettet med 30 %. I 132 kV luftlinje Giskemo-Alvestad og Giskemo-Kjelbotn er det  gjort tiltak som forlengjer restlevetida og reduserer risikoen for feil. Arbeidet med fornye og utvide Giskemo transformatorstasjon starta opp i 2021. Prosjektet er det største i Mørenett si historie med ei ramme på om lag 200 mill.kr og ei tidslinje på 5 år. 

I distribusjonsnettet vert det arbeidd mykje med elektrifisering. Spesielt har overgangen til elektriske ferjer utløyst store investeringar, der delar av investeringane er finansiert med anleggsbidrag. Både for Volda-Folkestad og Festøy-Solavågen er det arbeidd med å førebu overgangen til elektrisk drift. I tillegg er nettet forsterka og tilrettelagt for elektrifisering for både bedrifter, bustadar, landstraum for cruisebåtar og ladestasjonar til køyretøy.  

Kraftsystemet er i stor endring, og nasjonalt er det ambisiøse mål rundt elektrifisering. Auke i straumforbruket set høgare krav til kraftnettet. Gjennomført elektrifisering av ferjer i området vårt gir reduserte klimautslepp tilsvarande 13 000 tonn CO2 i året, det tilsvarar CO2-utslepp frå om lag 6 000 dieselbilar. 

- Elektrifisering er ei av dei viktigaste løysingane på klimautfordringane vi står føre, og fornybarnæringa er ein viktig bidragsytar gjennom å levere løysingar som klimaet treng.  Det er vårt ansvar at kraftnettet vert drive så kostnadseffektivt som mogleg, med tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet til å møte den fullelektriske framtida, seier Kiperberg.  

Statnett  

Mørenett har signert avtale med Statnett om kjøp av omklassifisert 132 kV regionalt distribusjonsnett i Møre og Romsdal. Avtalen underbygger Mørenett som det største nettselskapet i fylket, som etter kjøpet vil eige om lag 73 % av regionalt distribusjonsnett i Møre og Romsdal. 

Personale 
Mørenett hadde 160 fast tilsette og 7 lærlingar i 2021.  

 

Årsrapport 2021

Forrige
Forrige

Endringar i elavgifta

Neste
Neste

Redusert nettleige frå 1.april 2022