Redusert nettleige frå 1.april 2022

Statnett har valt å sette ned forbrukstariffen til null frå 1. april og ut året.

Endringa skuldast uvanleg høge inntekter frå overføring av kraft mellom områder med forskjellig kraftpris, såkalla flaskehalsinntekter. Reduserte overføringskostnadar til Statnett gjer at vi kan sette ned nettleiga med 5 øre per kWh, inkl. avgifter, frå same dato.

For ein hushaldskunde med årsforbruk 20 000 kWh utgjer denne endringa at nettleiga vert redusert med 750 kroner i år.

Inntektsramma til nettselskapa vert fastsett ut frå ulike faktorar mellom anna forventningar til marknaden, renteutvikling, kraftpris og overføringskostnader. Dei siste åra har desse faktorane hatt store svingingar, noko som har ført til relativt hyppige justeringar i nettleiga.

Les meir her: Statnett

Forrige
Forrige

Godt resultat for Mørenett i 2021

Neste
Neste

Elektrifisering av Ålesund Havn