Skal du flytte?

Her har vi samla informasjon som kan vere nyttig for deg ved flytting, bestilling eller om du skal avslutte nettleigeavtalen din. I mange av tilfella er det straumleverandøren din du skal kontakte

Bestille straum og nettleige?

Bestilling av nytt kundeforhold gjer du hos straumleverandøren du ynskjer å ha. Har du ikkje bestemt deg for leverandør, kan du finne ei oversikt på https://www.strompris.no/

Alle straumleverandørar kan gjere avtale om å fakturere nettleiga på vegne av oss. I desse tilfella sender vi nettleigefaktura via straumleverandøren, og du får straum og nettleie på felles faktura. Betaling og all kommunikasjon gjeldande nettleiga skal då gå via straumleverandøren. Vi har avtale om slik “gjennomfakturering” med Fjordkraft AS, Fortum Strøm AS, Gudbrandsdal Energi AS, Lyse Energisalg AS, Midt Energi AS, Norgesenergi AS (berre næring), NTE Marked AS, Trøndelagkraft AS, Volte AS, Å Strøm AS og Wattn AS. (oppdatert 6.7.23)

 

Heilt nytt hus?

Har du eit heilt nytt hus, hytte eller leiligheit, er det elektroinstallatør som meld inn dine kundeopplysingar til oss. Vi oppretter da eit nettabonnement på deg. Det einaste du må gjere, er å inngå straumavtale med ein valfri straumleverandør. Standard nettleigevilkår gjeld frå bestilling eller automatisk når du tek eit anlegg tilknytt nettet i bruk.

Vert anlegget ståande utan nettleigeavtale, risikerer du at straumen vert stengt fordi vi ikkje har registrert deg som kunde, og vi ikkje veit kven som brukar straumen.

 

Skal du flytte?

Flytting skal meldast til straumleverandøren din, og han meld dette vidare til oss. I samband med flytting skal avtalane dine med både nettselskap og kraftleverandør stoppast på staden du flyttar frå, og det skal opprettast nye avtalar på staden du flyttar til. Alt dette går automatisk, etter du har varsla straumleverandør. Ha siste faktura tilgjengeleg, slik at du har naudsynte opplysingar lett tilgjengeleg. Du treng personopplysingar, adresse, og målepunkts-ID.

Du finn målepunkts-ID på faktura under “Di Side”

Kva er målepunkt-ID?

Alle elektriske anlegg i Noreg har eit unikt ID-nummer som kallast målepunkt-ID. Dette identifiserer det elektriske anlegget straummålaren er knytt til. Målepunkts-ID er fast, og endrar seg ikkje sjølv om målar vert bytta eller det kjem ny kunde på anlegget. Du finn denne på fakturaen din, eller ved å logge inn på DI-side.


Skal du seie opp nettleieavtalen, og stenge anlegget?

Dette gjer du skriftleg ved å sende ein e-post til kundesenter@morenett.no. Opplys om målepunkts-ID eller målarnummer.

  • Dersom du sei opp nettleieavtalen midlertidig, vil vi måtte ta betalt for å utføre stenginga

  • Er oppseiinga permanent (for eksempel ved riving), vert målar demontert etter stenging

    Sjå prisar her

Vi sender melding vidare til din straumleverandør om at leveransen utgår

Kva skjer dersom du ikkje har avtale med straumleverandør?

Dersom du har ein aktiv nettleigeavtale, men ikkje har valt deg ein straumleverandør, er Linja AS pliktig å levere straum/”kraft” til deg på «Leveringsplikt». Leveringsplikt er ei mellombels ordning som nettselskapa er pålagt å tilby, og vil normalt vere noko dyrare enn straum kjøpt frå ein ordinær straumleverandør. I slike tilfelle er faktura merka med leverandør “Linja AS Reg. kraftlev.(tidl.Mørenett)”, og vi er rett kontaktpunkt ved flytting, oppseiing, med meir

 

Har du seld ein bustad?

Du er ansvarleg for straumavtalen i bustaden du flyttar frå, heilt til du seier opp, eller til ny eigar bestiller eigen straumavtale. Når du sel er flytting av straumavtale ofte ein del av prosessen som meklar tek ansvar for. Vi anbefaler likevel at du fyl opp dette, slik at du ikkje betalar straumutgifter for ny eigar etter du sjølv har flytta ut.

 

Har du avtale på rett måler?

Hugs å bestilla straum på rett målar, dersom ikkje risikerer du å betale straum for andre. Vert leilegheita di ståande utan avtale, risikerer du at straumen vert stengd fordi vi ikkje veit kven som bruker straumen.  Er du usikker på kva målar som høyrer til leilegheita di, kan du undersøkja ved å skru av hovudsikringa til målar med samme målarnummer som står på faktura. Vert det mørkt, betalar du for rett målar.

 

Skal du flytta frå ein utleigebustad?

Då må du syte for å seie opp straumavtalen som står i ditt namn før du flyttar ut. Det gjeld òg sjølv om avtalen skal førast tilbake til eigar eller til ny leigetakar.

Hjelp oss gjerne med opplysing om ny leigetakar om du kan, slik at vi slepp å måtte stenge straumen unødvendig.

 

Skal du flytta inn i ein utleigebustad?

I dette tilfellet har straumen truleg vore registrert på eigar eller den som budde der før deg. Dei skal kunne gi deg adresse og målepunkt-ID som du treng for å bestille straumavtale. Oppstartsdato er dato når leigeforholdet startar.

Følg opp straumavtalen

For å unngå feil på faktura bør du følgje opp nettleie og straumavtalen – både at den vert sagt opp på den gamle adressa di, og at du melder om ny adresse og flyttedato. Det gjeld uansett om du har selt eller kjøpt bustad, skal ut eller inn av eit leigeforhold. Det er din straumleverandør som skal handtere dette for deg

Kva er skilnad på straumleverandør og nettselskap?

Ein straumleverandør er det selskapet du kjøper straum frå. Du kan velge mellom mange ulike leverandørar, der alle har ulike prisar og avtalevilkår. Du kan samanlikne tilbod frå ulike leverandørar på strompris.no.

Det lokale nettselskapet ditt eig og driv straumnettet der du bur. Vi sørger for at straumen frå straumleverandørar vert transportert frå markedet og heilt fram til huset ditt. Du kan ikkje velge nettselskap, då det er gitt ut frå der du bur, og kraftlinjer du er tilkopla.

Er straumen stengd?

Dersom det blinkar ei raud lampe på målaren, er den stengt. Anten fordi vi ikkje har registrert kunde på anlegget, eller fordi det er ubetalte rekningar. Manglar du straum og ingen lamper lyser på målaren, er det truleg straumlaust i området ditt. Sjå på heimesida vår under «Straumstans»


Dette gjer du viss straumen er stengd

Dersom du ikkje har straum pga at målaren din er stengd, kan du bestille opning av målar. Bestilling må vere skriftleg, og sendast til kundesenter@morenett.no.

  1. Hugs å oppgi målarnummer

  2. Dersom du er ny kunde på målaren, må du også oppgi namn, fødselsdato, mobilnummer, e-postadresse og fakturaadresse

  3. Legg gjerne ved eit bilde av målaren der målarnummer og stand kjem godt fram

Er målar stengd grunna manglande betaling, ta kontakt med Kredinor tlf: 23 52 59 35 for betalingsinformasjon

Gebyroversikt for tenester

Eksempel som viser ein pågåande strømstans

Forrige
Forrige

Linja arrangerer elsikkerhetsdag

Neste
Neste

Tilkopling for næring