Faktura og betaling

Fakturering

Alle målarar vert avrekna etter registrerte timeverdiar kvar månad. Manglar vi timeverdiar vert forbruket stipulert. Viser det seg at innmeldt eller berekna forbruk er feil kan dette korrigerast når feilen vert avdekka. Korrigering vert gjort ut frå reelle måleverdiar. Manglar reelle måleverdiar vert nytt forbruk berekna ut frå normalforbruk i anlegget. Korrigering kan bli gjort uavhengig av årsaka til at feilmålinga oppstod. Sjå Foreldelsesloven (lovdata.no) og punkt 6 i Standarvilkår for nettleige

Gjennomfakturering

Alle kraftleverandører kan gjere avtale om å fakturere nettleiga på vegne av oss. Har de kraftavtale hos ein kraftleverandør med slik avtale sender vi nettleigefaktura til kraftleverandøren. Betaling og all kommunikasjon gjeldande abonnementet skal då gå via kraftleverandøren. De får informasjon hos kraftleverandør dersom dei har slik ordning. Sjå Forskrift om omsetning og nettjenester (lovdata.no)

Vi har avtale om gjennomfakturering med kraftleverandørane Fjordkraft AS, Fortum Strøm AS, Gudbrandsdal Energi AS, Lyse Energisalg AS, Midt Energi AS, Norgesenergi AS, NTE Marked AS, Trøndelagkraft AS, Volte AS, Å Strøm AS og Wattn AS.

 

Betalingsutsettelse

Logg da inn på Di side og velg utsett betaling i menyvalget under faktura.

Du kan utsette betaling inntil 31 dager etter hovedforfall. Hvis du ønsker å dele opp betalingen må hele beløpet være innbetalt innen 31 dager. Du vil ikke få tilsendt ny faktura, men bruker samme KID-nummer som på opprinnelig faktura.

  • Fakturaen kan ikke være forfalt og fakturabeløpet kan ikke være over kr 20000,-. Dersom du har andre forfalte beløp eller faktura større enn kr 20000,-, må du kontakte kundesenteret for å be om nedbetalingsavtale.

  • Vi gjør oppmerksom på at du vil bli belastet med renter på det beløpet som betales etter opprinnelig forfall. Rentesatsen følger satsene som fastsettes av Finansdepartementet, og rentene legges til på neste faktura.

    Link til forsinkelsesrenteloven

 

Inkasso

Faktura som ikkje vert betalt innan forfall vert følgt opp etter gjeldande regelverk, med inkassovarsel, inkasso og stenging eller rettsleg inndriving. Sjå Inkassoloven (lovdata.no). Alle ekstrakostnadar med inndriving vert lasta kunde.

Vi har avtale med Kredinor om betalingsoppfølgjing. Via Min side på Kredinor.no får du oversikt over aktive saker og gode betalingsløysingar.

 

Stenging

Ved vesentleg misleghald kan leveransen stengast. Sjå forbrukarkjøpslova §48a (lovdata.no) og punkt 7 i Standardvilkår for nettleige.

 

Usemje, tvistar og klage

Dersom de er usamd i mottatt faktura må de ta kontakt med oss så snart som råd slik at eventuelle feil kan rettast opp. Vi anbefaler å ta kontakt skriftlig, eller be om skriftlig tilbakemelding for å unngå tvil om kva informasjon som er gitt.

Klage til Elklagenemda

Om saka ikkje vert løyst og det er usemje kring forhold som er dekka av Standard nettleigeavtale kan privatkundar sende klage til Elklagenemnda. (www.elklagenemnda.no).

Næringskundar må bringe saka inn for domsstolane.

Klage til RME

Er det usemje kring tilknytingsvilkår og bruk av nettet etter Energilova er Reguleringsmyndigheten for energi (RME) rett klageinstans.

Les meir her: www.nve.no/reguleringsmyndigheten/kunde/klage/.

Innsyn i tidlegare klagesaker

Både Elklagenemnda og RME har god oversikt over vedtak i klagesaker. Vedtaka er grunngitt i til ei kvar tid gjeldande regelverk. 

 
Forrige
Forrige

Avtalar og vilkår

Neste
Neste

Nettleige næring