For entreprenørar

Entreprenørar som utfører arbeid for Mørenett må følge våre instruksar og rutiner. Dette kan vere selskap som arbeider i kraftnettet vårt, monterar målarar for oss eller utfører tenester for DLE.

 

Instruks frå driftsleiar

Entreprenørar som gjer arbeid i nettet vårt må til ei kvar tid følge instruks gitt av driftsleiaren vår.

Dokumentet "Driftsleders instrukser" er ei samling av alle instruksane gitt av driftsleiaren vår. Dokumentet omfattar rutinar og instruksar som skal sikre at arbeid i kraftnettet vårt vert utført i tråd med Forskrift om Sikkerhet ved arbeid i og drift av Elektriske anlegg (FSE).

 

Installatør

I Mørenett følger vi REN standard for installasjon av målar i lågspentanlegg.

  • RENblad 4000 LS Nett: Administrative bestemmelser

  • RENblad 4001 LS Nett: Krav til målepunkt direktemåling

  • RENblad 4002 LS Nett: Krav til målepunkt trafomåling

  • RENblad 4003 LS Nett: Krav til tilgang og plassering

  • RENblad 4004 LS Nett: Krav til kvalitetskontroll og direktemåling

  • RENblad 4005 LS Nett: Krav til kvalitetskontroll og trafomåling

Link til REN sine RENblad i 4000-serien for målarmontasje

 

Pris målarmontasje

Installatørar vi har avtale med får kompensert for arbeid med målarmontasje.

Satsane vert årleg KPI-justert. I tabellen finn du satsane per 1. januar 2020.

Satsar per 1.januar 2020

Kode Type arbeid Pris (eks. mva)
LS01 Målarbyte 740 kr
LS02 Oppsett av ny målar 530 kr
 

Fellesmåling

Retten til fellesmåling av sluttbrukarar vart oppheva med verknad frå 1. januar 2010. No skal kvar enkelt bueining og fritidsbustad målast og avreknast kvar for seg.

Tidlegare hadde sluttbrukarar rett til å gå saman om å ha eitt felles abonnement for straumnett og kraft, ei såkalla fellesmåling. Etter endring i kontrollforskrifta er denne retten oppheva, og erstatta med krav om individuell måling. Kravet gjeld ikkje næringsbygg som for eksempel kjøpesenter, næringspark eller kontorfelleskap.

Etter ei individuell vurdering kan nettselskap tilby fellesmåling i dei tilfelle der individuell måling vil medføre urimelege kostnadar. Det kan for eksempel vere der kundemassen er ustabil med mykje inn- og utflytting slik som studentbustadar, hybelhus eller bufellesskap innafor omsorgsetaten.

Mørenett har laga intern rutine for utøving av dette skjønnet.

Forrige
Forrige

Byggestraum

Neste
Neste

Kraftsystemutgreiing