Ny nettleige

1. juli innfører Mørenett ein ny nettleigemodell som vil premiere smart bruk av straumnettet, og skape ei meir rettferdig fordeling mellom kundane. Modellen gjeld for alle privatkundar, fritidsbustader og alle næringskundar med årsforbruk under 100 000 kWh.

Den største utfordringa for klimatiltak og etablering av ny industri i Norge, er å skaffe tilgang på nok kapasitet i straumnettet. Nettleigemodellen skal motivere til best mogleg utnytting av nettet som allereie er bygd, og redusere behovet for nye straumkablar og byte av nettstasjonar før planlagt.

Etter mykje debatt i fjor haust om innføring av ny nettleige, har no ei rekkje nettselskap og organisasjonar samla seg om ei felles utforming av den nye nettleigemodellen. Mørenett har valt den same modellen som dei fleste nettselskap i landet og har samarbeida med andre nettselskap både nasjonalt og internt i fylket. 

Lading av elbil

Mørenett sitt mål med den nye nettleigemodellen er at den skal motivere til best mogleg utnytting av nettet som allereie er bygd, og redusere behovet for nye straumkablar og byte av nettstasjonar.

Lågspentnettet er dimensjonert for samtidig effektuttak på 5-10 kW pr kunde. Det er også dette effektuttaket dei fleste privatkundar har. No når stadig fleire får elbilar vert dette ei utfordring for nettet. Straumnettet har ikkje kapasitet til å lade mange elbilar med høg effekt samstundes i same område. Dette gjeld heile døgnet, og ikkje berre på dagtid. Nettleigemodellen er utforma for å motivere elbileigarar til å lade sakte og sikkert, og på den måten vere med å halde nettleiga nede etter kvart som fleire får elbil.

Den nye nettleiga gir deg større mulighet til å påvirke kva du betaler. Det vil lønne seg å jevne ut forbruket gjennom dagen, og det vil være rimeligere å lade elbil trygt om natten. Men vi anbefaler ingen å bruke vaskemaskin etc. når de sover, det er det minimalt å spare på.

Hugs tryggleiken

Mørenett er svært opptekne av at kundane ikkje må ta val som går på kostnad av eltryggleiken.

Lad elbilen forskriftsmessig på natta og ikkje bruk vaskemaskin, oppvaskmaskin og tørketrommel når du søv eller ikkje er heime. Det er minimalt å spare på nettleiga ved å bruke hushaldningsapparat om natta.

Slik blir den nye nettleiga

  • Frå 1. juli vil nettleiga bestå av to delar: eit kapasitetsledd og eit energiledd. I tillegg kjem offentlege avgifter.

  • Kapasitetsleddet vil ha ulike trinn, som i ei trapp. Prisen vil stige dess meir straum du brukar samstundes. Jamnar du ut forbruket over heile døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn dersom du bruker mykje straum samstundes.

  • Gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk på tre ulike dagar i månaden vil avgjere kva trinn du hamnar på.

  • Energileddet vil ha ulik pris på dagtid og om natta. Natt er mellom klokka 22.00 og 06.00

Sjå eiga side for spørsmål og svar om ny nettleige

Prisar

Tabell med prisar for hushald, gjeldande frå 1. juli 2022

Nettleigekalkulator

Mørenett har utvikla ein nettleigekalkulator der kundane kan sjå kva den nye nettleiga vil bety for kvar enkelt, kalkulator er laga primært for privatkundar. Kalkulatoren finn du på Di Side. Vi har registrert mobilnummer på dei fleste kundar, her kan du logge inn med engangspassord på SMS. Det er også mogeleg å opprette brukar på Di Side. Dersom du ikkje klarer å logge inn kan du kontakte vårt kundensenter

Varsling når eg brukar for mykje straum

Di side kan du bestille varsling på e-post/sms når forbruket ditt overstig ei valt grense. Mange kundar har allereie meldt seg på denne tenesten og det kan være eit godt hjelpemiddel til å halde seg på rett trinn i trappa.

 

Energi Norge har laga ei side med mykje god informasjon Sjå nynettleie.no

Høyr innslag om ny nettleige på morgonsendinga til NRK Møre og Romsdal 30. juni 22

Forrige
Forrige

Vil du jobbe hos oss?

Neste
Neste

Feil i utsending av SMS